Nye verjefullmakter

Samfunnet vert stadig meir digitalisert, men digitale løysningar er ofte ikkje laga slik at ein person kan ta i bruk dei på vegne av andre. Det fører til meirarbeid både for verjene og verksemdene verjene samhandlar med.

Ved å digitalisere verjefullmaktene, kan desse brukast til digital identifisering, og gjere det mogeleg for verja å bruke digitale sjølvbetjeningsløysningar på vegne av personen han eller ho er verge for.

Det er no starta opp eit nasjonalt prosjekt for digitalisering av verjefullmakter og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er saman med Statsforvaltaren i Rogaland plukka ut som pilot for å teste ut det nye systemet.

I praksis inneberer dette at vi frå 15.april 2021 sender ut en ny type verjefullmakter i nye verjemålssaker.

Desse fullmaktene vil fastslå konkret kva tenesteområde verja har fullmakt på. Kvart tenesteområde som er oppført i fullmakta har eit definert innhald og ei definert avgrensing. Ei nærare beskriving av dette finner du på sida www.vergemal.no/fullmaktstekst

Framover vil Statens sivilrettsforvaltning arbeide for å få på plass digitale koplingar mellom vårt saksbehandlingssystem der vi gjev tilgangar, og mot dei ulike instansane sine datasystem. Fullmaktene vert gjort tilgjengeleg via folkeregisteret. Det er ikkje enda klart for å kople tilgangar digitalt, men første steg for å komme dit er no i gang. Arbeidet startar opp for fullt i hele landet frå september 2021, og statsforvaltaren vil i løpet av 2021 og 2022 sende ut nye verjefullmakter i alle gamle verjemål. I denne perioden vil det difor sirkulere verjefullmakter både etter gamalt og nytt system som er gyldige.

www.vergemal.no/fullmaktstekst finn ein meir informasjon om fullmaktene og du kan sjå eksempel på korleis dei nye fullmaktene ser ut og ei nærare omtale av dei ulike tenesteområda som kan stå i fullmaktene.

Vi har stor tru på at prosjektet på sikt vil gje dykk ein mykje enklare digital kvardag som verje.  

Kontaktpersoner