Ofte stilte spørsmål om framtidsfullmakt

Her finn du svar på dei spørsmåla som ofte vert stillt om framtidsfullmakt.

Nei, du må ikkje ha ei framtidsfullmakt. Men ei fremtidsfullmakt kan vere god å ha dersom du grunna alvorleg sjukdom eller ulukke ein gong i framtida ikkje kan ta vare på dine eigne interessar.  

I ei framtidsfullmakt kan du bestemme at nokon du stolar på skal ta vare på dine interesser den dagen du ikkje klarer det sjølv.

I nokre tilfelle kan då legalfullmakt bli brukt. Om ikkje det er tilstrekkeleg, kan det vere behov for å oppretta eit avgrensa verjemål.

Det er statsforvaltaren som opprettar verjemål. Med mindre det er noko særskilt, vil nok framtidsfullmektigen veljes som verje.

Fullmektigen må vere 18 år på tidspunktet framtidsfullmakten skal nyttast, og fullmektigen kan ikkje sjølv ha verje.

Fullmektigen må vere ein eller fleire fysiske personar.

Du står fritt til å velje din fullmektig, men det er viktig at du veljer ein person du har tillit til.

Nei, men det er lurt å spørje den som blir utpeika som fullmektig om vedkommande er villig til oppgåva.

Nei, det må du ikkje. Men, det er lurt å få ei legeerklæring dersom du har byrjande kognitiv svikt på tidspunktet du underskriv framtidsfullmakta.

Då kan du unngå at det seinare oppstår tvil om at du forstod innhaldet i framtidsfullmakta og betydinga av å oppretta ei framtidsfullmakt.

Vitna må vere 18 år. Dei må forstå betydinga av å underteikna. Det er krav om to vitne. Fullmektigen sjølv, ektefellen til fullmektigen, sambuar, foreldre, barn og barnebarn kan ikkje underteikna. Vi anbefaler å ikkje velje vitne som kan ha ei eigeninteresse i at du opprettar framtidsfullmakt.

Det blir stilt krav om at du som fullmaktsgiver underteiknar fullmakta – alternativt vedkjenner deg underskrifta di – medan vitna er til stades. Underskrifta til vitna skal bli påførd medan du sjølv er til stades, og det skal vere ønsket ditt at fullmakta blir underskriven.

Det er du sjølv som bestemmer kva framtidsfullmakta skal innehalde. Ho kan utformast generelt, slik at ho gjeld ivaretakelse av din økonomi og/eller andre interesser, eller ho kan bli avgrensa til nærare angitte forhold, slik som til dømes sal av bustad og betaling av rekningar.

Økonomiske forhold kan til dømes vere å betale rekningar, handtere løpande inntekter og utgifter, handtere ulike gjeldsforhold, opprette eller avslutte bankkontoar, drift eller utleie av fast eigedom.

Personlege forhold omfattar i utgangspunktet alle former for representasjon og ivaretakelse av rettar utover det økonomiske. Personlege forhold kan til dømes vere at ein vil bu lengts mogleg heime, eller at ein vil vere med på kulturelle arrangement som ein pleier å ha glede av.

Med ei framtidsfullmakt kan du få skreddarsydde løysingar som passar akkurat dine behov. Dersom du vel å avgrense fullmakta til særskilde disposisjonar, er det viktig å angi så presist som mogleg kva disposisjonar fullmektigen skal ha rett til å gjere for å unngå tolkingstvil. Det er viktig at du tenker på deg sjølv. Ei framtidsfullmakt skal bli skriven for å vareta interessene dine.

Dersom du ønsker hjelp og rettleiing for å sikre at framtidsfullmakta i størst mogleg grad skal dekke det framtidige hjelpebehovet ditt, anbefaler vi at du tar kontakt med ein advokat.

Det finst ingen offentleg institusjonelt organisert oppbevaringsløysing for framtidsfullmakter. Originalen er det viktig å halde styr på, då kopi ikkje er tilstrekkeleg.

Du bør enten overlate oppbevaringa til fullmektigen, eller du bør ta vare på framtidsfullmakta forsvarleg (safe eller liknande). Du bør opplyse til fullmektig kor du legg framtidsfullmakta.

Det er ingen ting i vegen for at du har fleire eksemplarar, men det kan skape litt vanskeligheiter om du ønsker å tilbakekalle eller endre ho, så det bør ikkje vere mange eksemplarar.

Framtidsfullmakta trer i kraft når fullmaktsgiver «grunna sinnsliding, herunder demens, eller alvorleg svekka helbred ikkje lenger er i stand til å ta vare på sine interesser» i forhold som er omfatta av framtidsfullmakta.

Det er fullmektigen som avgjer når den tida er komme og han/ho kan innhente legeerklæring for å få dette bekrefta. Fullmektigen skal orientere deg og pårørande om at ho meiner at fullmakten har tredd i kraft.  

Statsforvaltaren kan ikkje førehandsgodkjenne ei framtidsfullmakt. Vi tar ikkje stilling til innhaldet i fullmakten på førehand, og verken kan eller skal vurdere om fullmakta er dekkande for dine behov.

Som fullmaktsgiver har du sjølv ansvar for at framtidsfullmakta er gyldig oppretta, og at ho dekker dine framtidige hjelpebehov og ønsker om behov.

Ei framtidsfullmakt treng ikkje nødvendigvis å bli stadfesta av Statsforvaltaren for å tre i kraft. Om framtidsfullmakta oppfyller formkrava og fullmaktsgiver var i stand til å forstå kva fullmakta innebar då ho blei oppretta, vil framtidsfullmakta vere gyldig uavhengig av Statsforvalteren si stadfesting av at ho har tredd i kraft.

Stadfesting kan imidlertid gjere det enklare for deg å representere fullmaktsgivar overfor tredjepersonar, og er i praksis nødvendig for tinglysing av disposisjonar over fast eiendom.

Ja.

Så lenge du er i stand til å ta vare på dine egne interesser, kan du sjølvsagt trekke tilbake ei framtidsfullmakt og eventuelt velje å skrive ei ny.