Kommunalt kompetanse og innovasjonstilskot  2021

Søknadsfrist:
20. mars 2021 23.59
Målgruppe:
Tilsette i helse- og omsorgstenestene og brukarar av kommunale helse- og omsorgstenester
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Hvem kan søke:
kommunar, fylkeskommunar, høgskular og universitet. Kommunar kan gjerne søke i samarbeid med andre kommunar, helseføretak, næringsliv, frivillg sektor eller andre aktørar.
Rapporteringsfrist:
1. mars 2021

Tilskotet er midlar som skal bidra til at kommunane set i verk kompetansehevande tiltak og innovasjon- og utviklingsarbeid ut i frå lokale førestnader og behov

Publisert 03.02.2021

Målet er å styrke kommunane sine evner og moglegheiter til å utvikle berekraftige og gode helse- og omsorgstenester, og gje tydeleg prioritet til nokre av dei viktigaste framtidsutfordringane ut frå lokal føresetnad og behov.

Sjå høgremargen for søknads- og rapporteringsskjema og regelverk.

Primærmålgruppe

Leiarar, tilsette og personar som jobbar i helse- og omsorgstenesta, inklusiv psykisk helse og rustenesta. For kompetansetiltak innan psykisk helse og rusfeltet kan tilsette også i andre kommunale etatar vere målgruppe (f.eks. Nav, barnevernsteneste, barnehage og skular).

Sekundærgruppe

Brukarar av kommunale helse- og omsorgstenestar, inklusive psykisk helse- og rustenesta og  deira pårørande.

Tildelingskriterier

Tildeling av tilskot blir avgjort eller berekna ved hjelp av

  • Skjønnsmessig vurdering med utgangspunkt i forventa måloppnåing.

(Se regelverk (PDF) og meir detaljert tildelingskriterier og prioritering.)

Søknad skal sendast til: sfmrpost@statsforvalteren.no innan 20. mars 2021. 

Leve hele livet                                                                                                                                               Det er vedtatt at kommunane som omstille seg i tråd med kvalitetsreforma vil bli prioritert innanfor ei rekke relevante tilskotsordningar frå og med 2021.

Tilskot til tilsette som allereie har starta eit utdanningsløp er fritatt frå dette. Det inneber at prioriteringskrava blir fasa inn gradvis i perioden 2021–2023. Kommunane skal søke på tilskotsordningane etter gjeldande tildelingskriteria og regelverk, som tidlegare. Dei nye prioriteringskriteria skal fungere som ein "inngangsbillett" for kommunane for å bli prioritert og vil derfor ikkje medføre endringar i dei respektive regelverka.

Rapportering for 2020

Kommunane skal rapportere til Statsforvaltaren innan 1.mars  2021 for midlar som vart tildelt i 2020. De finn rapporteringsskjema her. For samla tilskot frå kr 200 000,00 og over er det krav om revisorkontroll.

 

 

Søknadsfrist:
20. mars 2021 23.59
Målgruppe:
Tilsette i helse- og omsorgstenestene og brukarar av kommunale helse- og omsorgstenester
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Hvem kan søke:
kommunar, fylkeskommunar, høgskular og universitet. Kommunar kan gjerne søke i samarbeid med andre kommunar, helseføretak, næringsliv, frivillg sektor eller andre aktørar.
Rapporteringsfrist:
1. mars 2021