- Aldri meir 22. juli

Saman med  Støttegruppa 22. juli Nordvest, fylkesordførar, AUF og biskopen i Møre har statsforvaltaren lagt planer for ei markering i Molde Domkirke kl.12.00-13-00, 22. juli 2021.
Saman med Støttegruppa 22. juli Nordvest, fylkesordførar, AUF og biskopen i Møre har statsforvaltaren lagt planer for ei markering i Molde Domkirke kl.12.00-13-00, 22. juli 2021. Foto: Scanstockphoto.com.

Det er ti år sidan terroren råka Norge. No oppmodar statsforvaltar Rigmor Brøste alle kommunar i fylket til å sette arbeidet mot radikalisering enda høgare på dagsorden, slik at vi kan førebyggje ekstremisme som kan lede til terror og vald.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.05.2021

- Alle kommunar har i oppdrag å arbeide mot radikalisering. Kommunane bør derfor, gjerne med ordføraren i spissen, invitere ungdomsråd og skoler til å arbeide aktivt med haldningar og kampanjar mot radikalisering, seier Brøste. Ho legg til at alle kommunar har eigne politiråd, og at politimeister Ingar Bøen har bekrefta at dei vil bidra aktivt inn i dette arbeidet.

Markering i Molde domkirke

Sjølve dagen, ti år etter terroren - 22. juli i år, har statsforvaltaren tatt initiativ til ei felles markering i Møre og Romsdal. Saman med Støttegruppa 22. juli Nordvest, fylkesordførar, AUF og biskopen i Møre har statsforvaltaren lagt planer for ei markering i Molde Domkirke kl.12.00-13-00. Her vert alle ordførarane og leiarar av ungdomsråda i fylket invitert saman med andre offisielle personar.

- Domkirka vil og vere open for alle, med atterhald om smittevernregler på det aktuelle tidspunktet. Biskopen i Møre og Moldejazz, vil lose oss gjennom arrangementet, slik dei gjorde for fem år sidan.  

Markeringa vil opne med fem minutt stille og ringing i kyrkjeklokkene. Alle kyrkjer i heile landet vil ringe i klokkene frå kl.12.00 til 12.05 denne dagen.

Eigne markeringar i kommunane

Jon Vegard Lervåg (32) frå Ålesund, Guro Vartdal Håvoll (18) frå Ørsta og Sverre Flåte Bjørkavåg (28) frå Sula mista livet i terroren 22. juli 2011.

- Desse tre vart offer i angrepet på våre demokratiske verdiar. Meir enn 20 ungdommar frå Møre og Romsdal deltok på sommarleiren på Utøya i 2011, og overlevde terroråtaket. Også desse bør oppleve at heimkommunen tek initiativ til ei markering av dagen, seier Brøste.  

Statsforvaltaren meiner markeringa kan gjerast på mange måtar. Til dømes ved framsyning av filmen « Generasjon Utøya» på kino/forsamlingshus. To av dei fire hovudpersonane i dokumentaren kjem frå Møre og Romsdal. Dei overlevde terroren på Utøya.

Heimkommunane til dei tre drepne, samt Kristiansund kommune, har sett opp eigne minnesmerke etter 22. juli terroren.

- Vi vil særskilt oppmode desse fire kommunane til  å gje minnesmerka, dei etterlatne og overlevande ei ekstra merksemd gjennom ei offisiell markering, seier Brøste.  

Statsforvaltaren vil og vere til stades og leggje krans på alle fire minnesmerka den 22. juli.

- Vi må arbeide for å stoppe ekstremisme, og seie som ungdommen: Aldri meir 22. juli, seier statsforvaltar Rigmor Brøste.