Sju kandidatar til Klimasnuprisen

Sjå alle kandidatane til Klimasnuprisen 2022 her! Tre av kandidatane vil bli peika ut som finalistar, og få besøk av statsforvaltar Else-May Norderhus i løpet av desember.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.11.2022

Vi fekk inn sju nominasjonar som oppfylte kriteria for prisen. Desse er:

  • RIR IKS – heilelektrisk ettersorteringsanlegg
  • Gomalandet SFO – «Matredderne»
  • Haugneset andelsgård
  • Betonmast Røsand AS – Redusert avfallsmengde ved bygging av Kårvåg Barneskole
  • Hustadvika kommune – Bygging av skuler med redusert klimafotavtrykk
  • Lars Ole Gunnerød – Romsdal Bioenergi AS
  • Samferdsel Møre og Romsdal fylkeskommune – overgang til batterielektriske ferjer

Her kan du lese meir om kandidatane ... 

Fristen for å nominere kandidatar til prisen var 10. oktober. Alle grupper, organisasjonar og personar kunne sende inn forslag. 

Om prisen

For å motivere til klimaomstilling i Møre og Romsdal, deler Statsforvaltaren årleg ut Klimasnuprisen. 

Prisen er ein påskjøning til nokon som har vist særleg engasjement og resultat i arbeidet med klimavennleg omstilling i fylket: Dei har løysingar som reduserer klimagassutslepp, og som førebur og tilpassar samfunnet til eit klima i endring. Dei som får prisen skal også ha gode løysingar på klimautfordringane. Løysningane må ikkje gå ut over andre berekraftmål.

Klimasnuprisen går altså til eit konsept som:

  • gir positiv utvikling med omsyn til klima
  • er overførbar og til inspirasjon for andre
  • er i tråd med FNs berekraftmål

Om juryen

Tre av kandidatane blir plukka ut som finalistar av juryen. Han består i år av statsforvaltar Else-May Norderhus, Hilde Nauste Myhre frå KS, Lisbeth Rød frå LO, Elin Ous frå NHO og Kristine Oda Walderhaug Sæther frå Framtidslaben. Dei kårar også kven av dei tre som skal stå att som vinnar av prisen.

I løpet desember vil vi offentleggjere kven av kandidatane som er med vidare som finalistar. Desse tre vil få besøk av statsforvaltaren i løpet av desember.

Prisen blir delt ut på Nyttårskonferansen i Molde 10. januar 2023.