Bandtvang for alle hundar frå 1. april

Frå 1. april til og med 20. august er det generell bandtvang for alle hundar. I denne perioden skal hunden vere halden i band eller vere forsvarlig inngjerda eller innestengt.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.03.2016

I tidsrommet frå og med 1. april til og med 20. august skal ein hund bli haldt i band eller vere forsvarleg inngjerda eller innestengt, slik at han ikkje jagar eller valdar skade på storfe, sau, geit, fjørfe, rein, hest eller vilt, medrekna viltet sine egg, reir og bu.

Lause hundar kan gjere stor skade både på fugl og anna vilt og på husdyr på beite. Våren ein særleg sårbar periode for viltet, då dyra er svekka etter ein lang vinter samstundes som nye kull kjem til.

Ei oversikt over reglane som gjeld bandtvang for hundar fins i lov om hundehold (hundeloven) kapittel 2.  Reglane gjeld i heile Noreg, med nokre få unntak på visse vilkår, for hundar i aktiv tjeneste (til dømes gjetarhundar, politihundar og liknade).

Nokre kommunar i Møre og Romsdal har fastsatt eigne lokale forskrifter med reglar for utvida bandtvangsperiode for heile eller delar av kommunen.

Kontaktpersoner