Rovvilterstatning for sau 2016

Fristen for å søke om erstatning for rovviltskader på husdyr i beitesesongen 2016 går ut 1. november.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.10.2016

Søknad om erstatning for rovviltskade på sau skal leverast via Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter (ESS) innan fristen 1. november.

For å ha rett på erstatning må dyreeigar:

  • ha rett til produksjonstilskot etter jordbruksavtalen. Også vêrring, sauavlslag eller tilsvarande kan få erstatning dersom dei lir tap.
  • ha fast bustad i Norge.
  • fremje søknad via søknadssenteret innan 1. november (lenke i høgremargen).

Det vert betalt ut erstatning for husdyr som har status «dokumentert» eller «antatt» drept av freda rovvilt i Rovbase. Dokumentasjon av rovviltskade blir gjennomført av Statens naturoppsyn sine rovviltkontaktar. I dei tilfella ein ikkje har funne kadaver eller det ikkje er mogeleg å fastslå dødsårsak, kan det betalast ut erstatning etter ei skjønsvurdering.

Dersom du ikkje har tilgong til eiga datamaskin, eller har vanskar med å levere søknaden elektronisk, kan du kontakte kommunen du bur i i god tid før søknadsfristen 1. november.

Søkar har eit sjølvstendig ansvar for å søke innan fristen. Søknad som kjem inn etter fristen utan etter avtale med Fylkesmannen, vil bli avvist. Fylkesmannen kan gje nærare rettleiing om krav til innhald i søknaden.

 

Dokumentasjonskrav

Den som søker om erstatning må legge ved individlister for buskapen til søknaden. Individlistene skal minimum innehalde alle individnummer i besetninga, kopling mellom søye og lam, dødsårsaker og helse-/sjukdomsinformasjon. For medlemmer i Sauekontrollen, er det mogeleg å lage ein rapport  i pdf-format som gir dei naudsynte data til sakshandsaminga. Vi oppmodar om at denne vert lagt ved elektronisk.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Søkje erstatning? Hugs følgjande:

Hugs følgjande når du søkjer om rovvilterstatning

  • Legg ved kart som viser kva for beiteområde dyra dine nyttar i beiteseongen
  • Gje informasjon om besetninga di på individnivå; data over tapte, skadde og sjuke dyr
  • Fordel tapet på den rovviltarten du meiner har tatt husdyra dine
  • Oppgje korrekt sone for distrikstilskot; Kart over sonegrenser (NIBIO)
  • Send gjerne med tilsynslogg