Oppstart av revidering av forvaltningsplan for store rovdyr

Rovviltnemnda i region 6 Midt-Norge melder oppstart av arbeidet med revidering av forvaltningsplanen for store rovdyr.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Gjeldande forvaltningsplan vart godkjent i 2013 og er felles for Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag. Forvaltningsplanen skal legge til rette for å nå dei vedtekne bestandsmåla for jerv, gaupe, bjørn og kongeørn i regionen gjennom ei geografisk differensiert forvaltning. Planen skal vidare vise korleis rovviltnemnda skal prioritere middel til forebyggande og konfliktdempande tiltak i dei rovdyrutsette områda.
Rovviltnemnda vil halde oppstartsmøte i kvart av dei tre fylka i løpet av hausten.
Les meir på Fylkesmannen i Nord-Trøndelag sine nettsider.
Innspel til oppstart av revideringa av planen skal sendast til sekretariatet for rovviltnemnda i region 6 v/ Fylkesmannen i Nord-Trøndelag.
Rovviltnemnda i region 6
c/o Fylkesmannen i Nord-Trøndelag
Postboks 2600
7734 Steinkjer
Eller på e-post til: fmntpost@fylkesmannen.no
Frist for innspel er 1. november 2016.
Kontaktpersoner
-
Astrid Buset
Tlf: 71 25 85 41 / 48 27 67 98 -
Marianne Aas Halse
Tlf: 71 25 84 22 / 48 17 42 41