Lisensjakt på ulv i Møre og Romsdal 2015/2016

Rovviltnemnda i region 6 har opna for lisensfelling ulv i Møre og Romsdal vinteren 2015/2016. Kvoten på 2 ulvar er felles for Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. Lisensjakta startar 1. oktober 2015 og varer til 31. mars 2016.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.10.2015

Rovviltnemnda har i vedtak 3. september 2015 opna for lisensfelling av inntil 2 ulvar i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. Bakgrunnen for vedtaket er skader valda av ulv på sau i Sør-Trøndelag i beitesesongen 2015, samt skader i fjoråret både i Møre og Romsdal og i Sør-Trøndelag. Det er ikkje dokumentert at ulv har gjort skade i sauebuskapar i Møre og Romsdal i årets beitesesong.

Dei som ønskjer å ta del i lisensfellinga på ulv i Møre og Romsdal må vere spesielt merksame på følgjande:

  1. Den som vil felle ulv må ha lisens. For å få lisens må ein gå inn på http://www.jegerregisteret.no/. For å bli registrert som lisensjeger må jegeravgifta for vedkomande jaktår vere betalt
  2. Det er i lisensjakta 2015/2016 opna opp for felling av ulv i heile Møre og Romsdal fylke
  3. Alle som deltek i lisensfelling pliktar å halde seg oppdatert om gjenverande kvote på telefonsvararen med nummer 71 25 85 03
  4. Fellingsperioden er frå og med 1. oktober til og med 31. mars med unnatak av romjulsfredinga
  5. Lisensfelling av ulv krev løyve frå grunneigar
  6. Under lisensfelling på ulv skal jaktlag og/eller personar som jaktar åleine ha tilgang til godkjent ettersøkshund, jf. forskrift 22. mars 2002 nr. 313 om utøving av jakt, felling og fangst § 23. Det er ingen andre krav til lisensjegeren, utover dei krava som følgjer av Forskrift 22. mars 2002 nr. 313 om utøving av jakt, felling og fangst. Her står òg krav om mellom anna våpen og ammunisjon
  7. Felling eller forsøk på felling skal straks meldast til oss på telefon 9092 6016 og Statens naturoppsyn. Jegeren skal framvise felt dyr for Statens naturoppsyn (SNO) for kontroll, merking og prøvetaking av biologisk materiale, og han skal kunne påvise fellingsstad etter oppmoding frå SNO, politiet eller fylkesmannen
  8. Om det skulle bli aktuelt med ettersøk av mogleg skadd ulv, er det vi som har ansvaret for å organisere ettersøket. Dei som har teke del i fellingsforsøket må utan godtgjering hjelpe til med ettersøket slik vi bestemmer
  9. Når ulv blir felt på bakgrunn av denne ordninga, får jegeren/jaktlaget skinnet av den felte ulven. Viltfondet opprettheld eigendomsretten til skrotten og kraniet av ulven i samsvar med instruks for ivaretaking av døde rovdyr som finnast på: http://www.rovdata.no/Portals/Rovdata/Dokumenter/Instrukser/Instruks%20d%C3%B8de%20rovdyr_14082013.pdf
  10. Vi gjer vidare merksame på at omsetting eller vidaresal av delar av felt ulv utanfor landet sine grenser er omfatta av CITES-reglane

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.