Lisensjakt på jerv 2016/2017

Det kan fellast fire jervar i Møre og Romsdal under lisensjakta som startar laurdag 10. september.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.09.2016

I Snøhetta og Reinheimen er det ei målsetjing om å ha tre årlege ynglingar av jerv, og det er ikkje opna for lisensfelling av jerv i desse områda i komande lisensfellingsperiode. I dei andre delane av fylket er det fastsett ein kvote på fire jervar. Lisensjakta startar 10. september og varer til 15. februar.

Lisensfelling krev løyve frå grunneigar, og den som skal delta i lisensfellinga må vere registrert som lisensjeger i Jegerregisteret.

Kvoter for lisensfelling av jerv i Møre og Romsdal

Område med mål om yngling (Reinheimen og Snøhetta): ingen kvote

Område utan mål om yngling: 4 jerv

Alle som deltek i jervejakta pliktar å oppdatere seg jamnleg om attverande kvote på telefon 71 25 85 02.

Meldeplikt ved alle skot mot jerv

Den som feller jerv eller løyser skot mot jerv, utan at jerven blir avliva, skal straks melde frå til Fylkesmannen på telefon 9092 6016.

Felt jerv skal framvisast for Statens naturoppsyn (SNO) for kontroll, merking og prøvetaking av biologisk materiale. Fellingsstaden skal kunne påvisast av jegeren etter oppmoding frå SNO, politiet eller Fylkesmannen.

Om det skulle bli aktuelt med ettersøk av mogleg skadd jerv, er det Fylkesmannen som har ansvaret for å organisere ettersøket. Dei som har teke del i fellingsforsøket må utan godtgjersle hjelpe til med ettersøket slik vi bestemmer.

Bruk av jervebås

Om du skal nytte bås til fangst av jerv må du sende søknad om dette til Fylkesmannen. Godkjenning for fangst gjeld for ein sesong av gongen, og det må søkast på nytt for båsar som var godkjent for fangst tidlegare sesongar.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.