Lisensfelling av bjørn 2013

Miljødirektoratet har opna opp for lisensfelling av 4 bjørnar utanfor det vedtekne yngleområdet i region 6. Forutan Møre og Romsdal består region 6 av Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag. Det vedtekne yngleområdet for bjørn ligg aust i Nord-Trøndelag fylke.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.09.2013

Lisensfelling er ei skademotivert felling av eit bestemt tal individ av ein viltart, med heimel i naturmangfaldlova § 18. Lisensfellinga blir sett i verk for å hindre framtidige skadar på husdyr. Vi er ikkje kjende med at det har vore bjørn innafor vårt fylke i 2013, men i nyare tid er det dokumentert at sau har blitt drepen av bjørn her i 2004, 2005, 2007, 2008, 2011 og 2012.

Dei som ønskjer å ta del i lisensfellinga på bjørn i Møre og Romsdal må vere spesielt merksame på følgjande:

Den som vil felle bjørn må ha lisens. Lisens får ein ved å gå inn på Brønnøysundregisteret på adressa: http://www.brreg.no/registrene/jeger/lisensfelling.html.

  1. Alle som deltek i lisensfelling pliktar å halde seg oppdatert om gjenverande kvote på telefonsvararen med nummer 71 24 50 30 (Kjem i drift med det første).
  2. Fellingsperioden er frå og med 21. august til og med 15. oktober.
  3. Forsøk på felling kan berre skje i perioden frå 1 time før soloppgang til 2 timar før solnedgang.
  4. Lisensfelling av bjørn krev løyve frå grunneigar.
  5. Bruk av hund under lisensfelling er tillate. Dette gjeld likevel ikkje laus, på drevet halsande hund.
  6. Binne med unge/ungar, samt ungane hennar (uansett alder) er unnatekne frå lisensfellinga.
  7. Lisensfelling på bjørn etter dette vedtaket kan ikkje drivast som åtejakt. Eit åte er definert som animalsk eller vegetabilsk materiale eller anna som er utplassert eller på anna måte er tilordna for å lokke til seg vilt.
  8. Under lisensfelling på bjørn skal jaktlag og/eller personar som jaktar åleine ha tilgang til godkjent ettersøkshund, jf. forskrift 22. mars 2002 nr. 313 om utøving av jakt, felling og fangst § 23. Det er ingen andre krav til lisensjegeren, utover dei krava som følgjer av forskrift 22. mars 2002 nr. 313 om utøving av jakt, felling og fangst (http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-20020322-0313.html ). Her står òg krav til mellom anna våpen og ammunisjon.
  9. Felling eller forsøk på felling skal straks meldast til oss på telefon 480 22 090 (eller eventuelt 986 56 018) og Statens naturoppsyn. Jegeren skal framvise felt dyr for Statens naturoppsyn (SNO) for kontroll, merking og prøvetaking av biologisk materiale, og han skal kunne påvise fellingsstad etter oppmoding frå SNO, Politiet eller Fylkesmannen.
  10. Om det skulle bli aktuelt med ettersøk av mogleg skadd bjørn, er det vi som har ansvaret for å organisere ettersøket. Dersom SNO har kapasitet vil vi be dei om hjelp før eit eventuelt ettersøk blir starta opp. Dei som har teke del i fellingsforsøket må utan godtgjering hjelpe til med ettersøket slik vi bestemmer.
  11. Når bjørn blir felt på bakgrunn av denne ordninga, får jegeren/jaktlaget kjøttet og skinnet av den felte bjørnen. Viltfondet held oppe eigedomsretten sin til prøver og delar av viltet, irekna kraniet i samsvar med instruks for ivaretaking av døde rovdyr som finst på: http://www.rovdata.no/portals/rovdata/dokumenter/instrukser/Ivaretakelse_dode_rovdyr.pdf

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.