Kvote for gaupejakta 2017

Det kan fellast to gauper på Nordmøre når gaupejakta startar 1. februar. I resten av fylket er det kvotefri jakt.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.01.2017

Rovviltnemnda fatta i vedtak den 25. oktober 2016 kvote for jakt på gaupe i Møre og Romsdal i 2017. Vedtaket er stadfesta av Klima- og miljødepartementet i klageavgjerd av 26. januar 2017.

Det er fastsatt følgjande kvote i Møre og Romsdal for gaupejakta i 2017:

  • Område med mål om yngling (gamle Aure, Halsa, Tingvoll, Rindal, Surnadal og      den delen av Sunndal kommune som ligg nord for elva Driva) - 2 gauper (1 vaksent hodyr)
  • Resten av fylket - kvotefri jakt.

Gaupejakta byrjar 1. februar og varer til og med 31. mars, men vert stoppa tidlegare ved fylt kvote.

Jakt på gaupe er ordinær jakt etter § 9 i viltloven, og er difor underlagt vanlege jaktreglar etter denne lova. Dette tyder m.a. at den som jaktar gaupe må ha løyve frå grunneigar. Bruk av gaupebås skal godkjennast av Fylkesmannen. Det er ikkje krav om å registrere seg som lisensjegar for å delta i den ordinære gaupejakta.

Den som jaktar gaupe må halde seg oppdatert om attverande kvote ved å ringe telefonnr. 71 25 85 01 (telefonsvarar).

Elles minner vi om følgjande delar av regelverket (lista er ikkje uttømmande):

  • Den som feller gaupe i Møre og Romsdal, eller løyser skot mot gaupe utan at ho blir felt, skal straks melde frå om dette til oss på telefon nummer 9092 6016. Dersom det er løyst skot mot gaupe avgjer vi om, og eventuelt korleis, vidare ettersøk skal gjennomførast.
  • Til jakt på gaupe er det ikkje tillate å bruke halvautomatisk rifle med meir enn to skot i magasinet og eitt i kammeret.
  • Til jakt på gaupe er det, når det blir nytta rifle til jakt, berre tillate å bruke ammunisjon med ekspanderande prosjektil som har ein anslagsenergi på minst 980 joule (100 kgm) på 100 meters avstand. Hagle er òg tillate for felling av gaupe. Ved jakt med rifle skal skyteprøve vere avlagt inneverande jaktår med det våpenet som blir nytta.
  • Aldersgrensa for å drive gaupejakt er 18 år.
  • Fordi forvaltninga har eit direkte behov for å nyttiggjere seg data frå felte dyr, er det pålegg om å sende inn skrottar av felt gaupe til vitskapleg gransking. Jegar eller preparant pliktar å levere inn skrotten innan 1. juni. Om skrotten ikkje blir levert inn til      fristen, vil heile dyret bli inndratt til fordel for Viltfondet.

 

Meld frå om gaupeobservasjonar

Ved observasjon av gaupe eller spor etter gaupe, der ein mistenkjer at det kan vere to eller fleire dyr i følgje bør Statens naturoppsyn (SNO) varslast. Dette for at det er ønske om hjelp til å kartleggje utbreiinga av gaupe. For meir informasjon sjå http://www.rovdata.no/Nyheter/Nyhetsartikkel/ArticleId/4210/Vil-hore-om-gaupefamilier-fra-deg.aspx. Du kan også rapportere inn synsobservasjonar, spor eller sporfunn via Skandobs sin nettportal http://skandobs.no/.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.