Forvaltningsplan for store rovdyr på høyring

Rovviltnemnda i region 6 Midt-Norge har lagt revidert forvaltningsplan for rovvilt ut til offentleg ettersyn.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.06.2017

Revideringa tar utgangspunkt i gjeldande forvaltningsplan frå 2013. Rovviltnemnda meldte oppstart av arbeidet med revidering av forvaltningsplanen i mai 2016. Forvaltningsplanen skal etter planen godkjennast av rovviltnemnda i slutten av 2017, og vil vere gjeldande frå og med 1. januar 2018.

Nord- og Sør Trøndelag blir slått saman til eitt fylke frå 1. januar 2018. Forvaltningsplanen omtalar difor Trøndelagsfylka som eitt fylke.

Rovviltnemnda vil invitere til høyringsmøte for heile regionen; Nord- og Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal, i Stjørdal kommune tysdag 19. september 2017. Her vil det bli høve til å presentere høyringsuttalane for rovviltnemnda. Det vil bli sendt ut eigen invitasjon med detaljar om tidspunkt og stad for dette møtet medio august.

Høyringsfristen er 22. september 2017.

 

Høyringsuttalar skal sendast til:

Rovviltnemnda i region 6 Midt-Norge

c/o Fylkesmannen i Nord-Trøndelag

Postboks 2600

7734 Steinkjer

 Eller på epost til fmnrpost@fylkesmannen.no

Framlegg til forvaltningsplan kan lastast ned her eller bestillast per epost fmntiha@fylkesmannen.no

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.