Erstatning for rovviltskade 2010

Det vert utbetalt rovviltskadeerstatning for 1267 sauer i år. I 2009 vart det erstatta 1448 sauer. Ser ein attende på erstatningane tidlegare år, er det 2007 som står att som eit ekstremår med høge erstatningstal.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.12.2010

Erstatninga er ytt på grunnlag av sannsynleggjort eller dokumentert skade. 1169 sauer er erstatta på grunn av jerveskade, 90 på grunn av gaupeskade, og 8 på grunn av kongeørnskade.

Det er fleire beiteområde med store sauetap som har fått dokumentert freda rovvilt som skadevaldar gjennom Statens naturoppsyn (SNO) sine kadaverundersøkingar. Talet på dokumenterte skadar av freda rovvilt er forholdsvis likt som i fjor. I år er det ved obduksjon dokumentert at jerv har avliva totalt 37 sauer, gaupe har tatt 5 og kongeørn 3. I 2009 var det til samanlikning dokumentert 35 jerveskadar, 6 gaupeskader og 3 kongeørnskadar.

Det er svært vanskeleg å finne kadaver på utmarksbeite, så hovuddelen av erstatninga blir ytt på grunn av at vi ser jerv eller gaupe som den mest trulege årsaka til at tapa er høgare enn det som er rekna som normaltap for den som søkjer om erstatning. Ingen får erstatta tap av sau innafor normaltapet så sant dette tapet ikkje er dokumentert av SNO.

Vi legg stor vekt på dokumenterte rovviltskadar i søknadsåret i det beiteområdet som søknaden kjem frå. Det er 91 søkjarar som har søkt om erstatning i år. I 2009 var det 103 som søkte.

Det er ikkje erstatta tap på grunnlag av skade frå bjørn eller ulv i 2010.

Alle som har søkt om rovviltskadeerstatning vil få svar på søknaden i løpet av dei næraste dagane, og utbetalingane vil skje før jul.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.