Erstatning for husdyr tapt til freda rovvilt

Når gaupe, jerv, bjørn, ulv eller kongeørn er årsak til tap av husdyr eller tamrein, har dyreeigaren ein lovfesta rett til full erstatning.  Fristen for å søke rovvilterstatning er 1. november.

Publisert 23.10.2014

Sidan førre erstatningsoppgjer er det fastsett ny erstatningsforskrift. Ny forskrift kan lastast ned her.

Frå og med 2014 skal søknader leverast elektronisk via Miljødirektoratets elektroniske søknadssenter. Dersom du ikkje har tilgong til eiga datamaskin, eller har vanskar med å levere søknaden elektronisk, kan du kontakte kommunen du bur i i god tid før søknadsfristen 1. november. Fylkesmannen kan gje nærare rettleiing om krav til innhald i søknaden.

Det er eit vilkår for å ha rett til full erstatning, at dyreeigar gir naudsynte opplysningar på individnivå. Dette inneberer at det skal leggast fram ei liste over alle dyr i besetninga. Dette er ID-merker/øyremerker, relasjon mellom søye og lam, samt oversikt over skade-/dødssårsak og sjukdomstilfelle. Medlemmar av sauekontrollen kan i søknadsskjemaet samtykke i at Fylkesmannen innhentar data frå sauekontrollen i staden for å sende inn eigne lister.

Kontaktpersoner