Endring av fellingsområde for ulv

Rovviltnemnda i region 6 Midt-Norge har i dag 5. oktober vedteke å utvide lisensfellingsområdet til å gjelde heile region 6 Midt-Norge (Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal). Lisenskvoten på 2 ulvar er ikkje endra.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.10.2016

Rovviltnemnda i region 6 Midt-Norge fatta den 28. juni 2016 vedtak om lisensfelling av ulv i Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal, med ein kvote på 2 (to) ulvar. Lisensfellinga av ulv starta 1. oktober 2016. På bakgrunn av dokumenterte ulveskader i Meråker og Stjørdal kommunar, utvidar rovviltnemnda fellingsområdet til å gjelde heile rovviltregion 6.

Vedtaket er tilgjengelig på www.miljovedtak.no og under "Dokument" i høgremargen

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.