Ekstraordinært tilskot til skogplanting våren 2021

Stortinget har vedteke eit ekstraordinært tilskot til all skogplanting våren 2021. Tilskotet er 1,50 kroner per plante.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.06.2021

Tilskotet gjeld både ved planting utført av entreprenør og ved planting utført av skogeigar. Stortinget vedtok innføring av tilskotet i revidert nasjonalbudsjett.

Koronatilskot

Tilskotet er innført med bakgrunn i koronapandemien. Storparten av plantinga i Noreg har dei siste åra vore utført av utanlandske aktørar som i år er hindra av innreiserestriksjonar. Ein ønskjer derfor å stimulere til at fleire skogeigarar plantar sjølv.

Gunstig å plante sjølv i år

Det ekstraordinære tilskotet kjem i tillegg til ordinære tilskot. Å plante sjølv er derfor svært økonomisk gunstig i år. Det er god tilgang på planter og det er enno 14 dagar att av plantesesongen.

Rammer

  • Det ekstraordinære plantetilskotet famnar all skogplanting våren 2021. Det vil seie nyplanting, suppleringsplanting og juletreplanting.
  • Ordninga vert som i 2020, med eit tilskot på 1,50 kr/plante.
  • Tilskotet er retta mot eigenaktive skogeigarar som plantar sjølv, og profesjonelle aktørar som skogeigarandelslag

Søknad og søknadsfrist for skogeigarar som plantar sjølv 

Skogeigarar som plantar sjølv, eller som nytter andre aktørar enn de sentrale, får etter søknad utbetalt tilskotet til seg sjølv. Skogeigar søkjer på tilskotet saman med refusjon frå skogfond gjennom Altinn.

Søknadsfrist: 1. september 2021

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner