700 turar med tømmervogntog spart!

Stort fokus på fjerning av flaskehalsar, ved å skrive opp bruksklassa på mange kommunevegar og fylkes- og riksvegar har ført til sparte kostnader, mindre og tryggare trafikk og miljøgevinstar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det har gjennom 2016 og 2017 vore stort fokus på oppskriving av bruksklassar på kommunale-, fylkes-, og riksvegar. Dette arbeidet har vore prioritert for å tilpasse seg storleiken til tømmerbilane, for å utnytte kapasiteten deira, og dermed frakte meir tømmer med færre lass. Både Statens vegvesen og kommunane har gjort ein god jobb med å gå igjennom dei vegane, som kan tole køyretøy med auka vekt og lengde.
I 2017 var det god aktivitet i skogen i Møre og Romsdal, men ingen ny rekord i tømmeromsetninga. 287 000 kubikkmeter tømmer vart hogd gjennom året, ned frå 325 000 kubikkmeter i 2016. Tømmeret skal like fullt frå skogen til kaia eller sagbruket, og det er dei same bilane som køyrar om dei veg 50 eller 60 tonn.
I 2017 vart 99 501 kubikkmeter tømmer transportert på 24 meter lange og 60 tonn tunge vogntog. Dette utgjer over 35,6 % av alt tømmeret transportert i Møre og Romsdal, ein formidabel auke frå 2016, der berre 38 400 kubikkmeter (11,8 %) vart køyrt med makslast. Etter oppskrivinga er nesten 100 000 kubikkmeter køyrt på drygt 2200 turar med tømmervogntog. 50 tonns vogntog på 19,5 meter ville brukt 700 turar meir, for å frakte ut den same tømmermengda. Dette er ei gledeleg utvikling for både trafikktryggleik og ikkje minst miljøet.
Det står att fleire kommunar, som treng å gå igjennom sine vegar. Tømmerlasset må oftast innom ein kommunal veg, før det kjem ut på fylkesvegen. I Ørsta er det no gjennomført testkøyring i samarbeid med Allskog, for å sjå om nokre av vegane har svingradius for tilpassa tømmervogntog. Testen synte at det går, og ved neste revidering av veglista aukar bruksklassa, og vegen kan opnast for tømmerkøyring. Fylkesmannen håpar fleire kommunar vil ta kontakt for testkøyring, der dei ikkje er sikre på om tømmervogntog kjem fram.