Rammer for økonomiske virkemidlar i skogbruket for 2015

Her er rammene og retningslinjene for økonomiske verkemiddel i skogbruket i Møre og Romsdal for 2015.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.02.2015

Nærings- og miljøtiltak

Til skogkultur, tynning, miljøtiltak o.a. (NMSK) har Fylkesmannen i Møre og Romsdal fått ei ramme for 2015 på kr 3 400 000. I 2014 var det eit overforbruk på denne ramma med kr 135 000, som må dekkjast inn av årets løyving. Til fordeling og bruk i 2015 er ramma derfor kr 3 265 000. Kommunane tek i mot og bejandlar søknader om tildeling av tilskot til dette formålet.

Vegbygging

Til vegbygging og drift i vanskeleg terreng o.a. er ramma for 2015 kr 9 200 000. Underforbruk frå 2014 på ca 100 000 kr kjem i tillegg. Fylkesmannen administrerer denne ramma.

Nytt i år

Frist for søknad om tilskot til skogsvegbygging er 15. mars og 15. august. Dette er nytt av året, der søknader innan 15. mars vil bli prioriterte.  

1. juni er frist for å få prioritet ved tildeling av tilskot til taubanedrift og førehandsgodkjenning for tilskot til drifter i vanskeleg terreng.  

Andre ordningar som skal gje ein betre flyt og raskare handsaming, vil og bli prøvd ut i 2015.

Informasjonsskriv om tildeling og nye retningsliner for tilskot i 2015 kan lastast ned via lenke i høgre kolonne.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.