Markberedning på brunjord tema for fagdag

Allskog skal finne ut om markberedning før planting kan korte ned ventetida mellom hogst og planting, og gi betre vern mot gransnutebille.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.06.2016

Måndag 6.6.2016 arrangerte Fylkesmannen sin årlige fagdag for kommunane. Som i fjor vart dagen lagt til Tingvoll, men i år med temaet markberedning.

Litt generell info først om føreståande prosjekt, der Allskog som prosjektleiar i Møre og Romsdal, har fått støtte frå BU-midlar til eit fireårig prosjekt. Dei skal prøve ut om markberedning før planting kan korte ned ventetida for planting etter hogst, og gi betre vern mot gransnutebille.

Markberedning på brunjord og høge bonitetar er det gjort lite forsking på i det heile. Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Fylkesmannen og Allskog, med god kommunikasjon til NIBIO og eit tilsvarande prosjekt i Agder.

Trygve Øvergård frå Skogbrukets kursinstitutt på Honne heldt foredrag om markberedning. Dette vart fulgt opp med ei synfaring på nærliggande hogstfelt, med vurderingar og gode diskusjonar med dei frammøtte. Som vanleg breier diskusjonane seg utover berre oppsett tema, men Fylkesmannen er svært nøgd med dagen, og vil tru dei fleste frammøtte hadde god nytte av ei oppdatering på tema og diskusjonane ute.           

Kontaktpersoner

Om brunjord

Brunjord er en jordtype som finnes i varmere strøk hvor nedbrytningen går raskt, spesielt hvis det er mineralrik berggrunn. Jorda er homogen og lett på grunn av stor biologisk aktivitet av mark og andre organismer. Dette gir et godt grunnlag for plantevekst, og artsrikdommen blir stor.

Kjelde: Wikipedia