Statsforvalteren fikk nytt og kjønnsnøytralt navn 1. januar 2021. Det gamle navnet vårt var Fylkesmannen.

Vil heidre gode gardbrukarar

Møre og Romsdal landbruksselskap ønsker kandidatar til ein inspirasjonspris. Forslaga må komme innan 15. februar i år.
Møre og Romsdal landbruksselskap ønsker kandidatar til ein inspirasjonspris. Forslaga må komme innan 15. februar i år. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Landbruksselskapet ønsker å dele ut ein pris for å heidre folk i landbruket som har gjort ein spesiell innsats for å fremje næringa.

Publisert 06.01.2021 av Lena Skattum Sandvik

– Prisen kan gå til ein gardbrukar som har hjelpt ein kollega. Eller ein gardbrukar som har inspirert andre ved god drift. Den kan også gå til nokon som har gjort ein ekstra innsats i å utvikle lokalsamfunnet, fortel Frank Madsøy. Han er direktør av landbruksavdelinga hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Madsøy meiner at det er mange dyktige personar i landbruket som gjer ein innsats som kan kvalifisera til ein slik pris. Han synest at det er viktig at desse får den anerkjenninga dei fortener.

Ønsker kandidatar
Møre og Romsdal landbruksselskap ønsker altså kandidatar til ein inspirasjonspris. Forslaget må komme innan 15. februar i år.  

– Vinnaren får eit kunstverk og 10.000 kronar. Prisen skal overrekkast på Næringspolitisk konferanse i starten av mars i år, fortel Madsøy.

Han seier at alle kan komme med forslag til kandidatar. Ein kan foreslå at ein gardbrukar, ein gardsfamilie eller eit fellestiltak som er ein god ambassadør for landbruksnæringa skal vinne prisen. Alle landbruksproduksjonar er aktuelle.

– Prisen skal anerkjenne dei som får han, og samtidig vise fram gode eksempel frå landbruket til inspirasjon for andre i næringa.

Fleire står bak prisen
Det er styret for Landbruksselskapet som peikar ut vinnaren etter å ha vurdert dei innsendte forslaga.

Styret består av landbruksdirektøren hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, fylkesleder i Møre og Romsdal bondelag, fylkesleder i Møre og Romsdal bonde- og småbrukarlag og ein representant frå regional og næringsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Sjå kriterium for kandidatar og korleis du sender inn forslag i faktaboksen til høgre. 

 

 

Kontaktpersoner

Kriterium som vektleggast ved val av vinnar:

Kandidaten

  • har profilert landbruket på ein positiv måte i offentlegheita.
  • har fremma positive idear for vidareutvikling av bygdene i Møre og Romsdal.
  • er eit forbilde i arbeidet for vidareutvikling av kulturlandskapet.
  • har profilert og gjennomført jordbruksdrifta si med høy standard.
  • har hjelpt yrkesbror/søster gjennom ein vanskeleg periode.
  • har utvikla nye produkt eller tenester som kan gjere landbruket meir robust.

Forslagsfristen er 15. februar 2021.
Grunngjeve forslag sendast til direktør Frank Madsøy