Ny søknadsrunde for mentorordninga i landbruket

Er du ny bonde kan du søkje om å få delta i mentorordninga til Norsk Landbruksrådgiving. Tilbodet er gratis. Søknadsfrist er 1.desember.
Mentorordninga i landbruket inneber at du som ny bonde gjer ein formell avtale med ein erfaren kollega om å vere diskusjonspartner i drifta gjennom eit år. Tilbodet omfattar alle produksjonar, også Inn på tunet og lokal foredling. Unge bønder under 35 år skal prioriteres i ordninga.
Ta kontakt med regionkontakt i Møre og Romsdal: Gunn Randi Fossland i Landbruk Nordvest, tlf 958 74 243, e-post gunn.randi.fossland@nlr.no
Søknadsfrist er 1. desember 2022.
Les meir om ordninga på Norsk landbruksrådgiving sine nettsider .Les også artikkelen "Vi anbefaler mentorordninga" om Priska og Leif Even Ranheim fra Smøla. Dei har deltatt på mentorordninga og var så heldige å få ein erfaren mentor, Solveig Haglund frå Surnadal.