Kven skal få Kultur-landskapsprisen 2017?

Frå Øvre Sunndal i Sunndal kommune
Frå Øvre Sunndal i Sunndal kommune Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil også i år dele ut Kulturlandskapsprisen. Prisen går til ein eller fleire gardbrukarar som utmerkar seg med miljøvenleg drift. Alle vert inviterte til å komme med forslag til kandidatar før 1. august.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.06.2017

Kandidatane vert vurderte etter ei rad kriterium, for eksempel at folk flest har tilgang til kulturlandskapet og at bonden tek omsyn til miljøverdiar, kulturminne og byggeskikk. Alle kriteria treng ikkje å vere oppfylte på ein gong, men prisvinnaren må vere ein god ambassadør for Bygde-Norge og for landbruket. Bruket må ha aktiv drift og miljøkrava i forskrift om produksjonstilskot i jordbruket må vere oppfylte. Bruket bør ha eit kvalitetssystem (KSL) som fyller minstekrava i plante- og husdyrproduksjonen.

Forslaget må innehalde ei kort grunngjeving for kvifor kandidaten fortener å få Kulturlandskapsprisen 2017 og bilete frå det aktuelle bruket. Vinnaren får 10 000 kroner og eit grafisk trykk.

Sjå meir informasjon i vedlagt brev.

 

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.