Fagdag om kvalifiseringsprogrammet (KVP)

Dato:
22. mars 2022 08.30 - 15.00
Sted:
Scandic Seilet Molde
Arrangør:
statsforvalteren i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Leiarar og veiledarar i NAV kontor som på ulike måtar har eit ansvar for å legge til rette for eller identifisere personar som kan ha rett til KVP, samt veiledarar som har KVP som ein av sine arbeidsoppgåver

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterer i samarbeid med NAV Møre og Romsdal til fagdag om kvalifiseringsprogrammet (KVP). 

Publisert 21.01.2022

Tid: Tirsdag 22.mars 2022

Stad: Scandic Seilet, Molde (Bjørnsonsalen som sikrar god avstand til kvarandre for å ta i vare smittevernet)

Målgruppe: Leiarar og veiledarar i NAV kontor som på ulike måtar har eit ansvar for å legge til rette for eller identifisere personar som kan ha rett til KVP, samt veiledarar som har KVP som ein av sine arbeidsoppgåver.

Formål med dagen: Gjennom fagleg påfyll til å sikre at dei som har rett til KVP får tilbod om dette.

 

Førebels program:

08.30 Registrering

09.00 Velkommen og innleiing til fagdagen

  • Kvalifiseringsprogrammet sett i et levekårs perspektiv. Presentasjon av aktuelle rapportar, statistikk og kunnskap. Arbeids- og velferdsdirektoratet v/Elisabeth Munch-Ellingsen og Pål Eivind Aamodt
  • Arbeids- og velferdsdirektoratet sitt prosjekt «Identifisering av deltakarar til KVP» presentasjon av prosjektet og dei konkrete verktøya som er utvikla v/Ilirjana Neziri
  • Integreringslova og plan for kvalifisering av innvandrarar. Møre og Romsdal fylkeskommune v/ Sissel Tegelsrud Kolstad
  • Her kan det komme ein post til

15.00   Vel heim

 

Deltaking: Vi avgrensar til 120 deltakarar på fagdagen. Dersom det er stor påmelding vil vi prioritere og fordele desse plassane.

Økonomi: Kurset er gratis for målgruppa.

Deltakarar med reiseveg over 2 timar kan få dekt overnatting frå 21.03.22. NB! Husk å sjekke ut av rommet før fagdagen startar.

Reisekostnader dekkast av arbeidsgivar. Statsforvaltaren er miljøfyrtårnsertifisert og oppmodar dei som har høve til det om å reise kollektivt så sant smittesituasjonen tilet det.

Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan 16. februar 2022. Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida.

Vi ber om at frist for påmelding blir haldt.

Spørsmål om påmelding og endringar skal rettast til e-post: fmmrkurs@statsforvalteren.no 

For nærare informasjon om innhaldet i fagdagen kan du ta kontakt med:  Oddhild Johnsen fmmrodjo@statsforvalteren.no

Dato:
22. mars 2022 08.30 - 15.00
Sted:
Scandic Seilet Molde
Arrangør:
statsforvalteren i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Leiarar og veiledarar i NAV kontor som på ulike måtar har eit ansvar for å legge til rette for eller identifisere personar som kan ha rett til KVP, samt veiledarar som har KVP som ein av sine arbeidsoppgåver

Kontaktpersoner

Dokumenter