Kampen om sjøareala

Dato:
26. oktober 2021 09.00 - 27. oktober 2021 16.00
Sted:
Scandic Seilet
Arrangør:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune
Målgruppe:
Kommunar, fylkeskommunar, statlege sektormyndigheiter, nærings- og interesseorganisasjonar

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune arrangerer for tredje gang den nasjonale plankonferansen - Kampen om sjøareala.

Publisert 25.11.2020

Årets konferanse blir tysdag 26. og onsdag 27. oktober 2021 - Meld dykk på no, og tips ein kollega om å bli med!

På konferansen vil vi sjå på utfordringar og arealkonfliktar i kyst- og sjøområda våre, og legge fram kunnskap, verktøy og løysingar for å forvalte areal, verdiar og interesser i sjøområda.

Vi legg opp til ein hybridkonferanse slik at det vil bli mobleg å delta digitalt og fysisk.

Program

På Scandic Seilet byr vi på eit knallsterkt program, og godt smittevern. Professor og biolog Dag O. Hessen skal snakke om klima- og naturkrisa og marinbiolog Pia Ve Dalen skal ta oss med på ei reise i det forunderlege havet. I tillegg får du vite siste nytt innan planlegging i kystsona. Komiker Terje Sporsem skal sørge for god stemning og leie oss gjennom begge dagane. 

Nettverk

Her skapar Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ein arena der politikarar, næring og sakshandsamarar kan møtast, få den nyaste informasjonen og dele erfaringar. 

Vi gleder oss til å sjå deg på Seilet!

Påmeldinga skjer her (klikk på lenka) Påmeldingsfristen gjekk ut 11. oktober. Du kan likevel melde deg på med digital deltaking heilt fram til 27. oktober.

Følg arrangementet  "Kampen om sjøareala" på Facebook.  Trykk "interessert" eller "deltek" og få med deg oppdateringar.

 

Dato:
26. oktober 2021 09.00 - 27. oktober 2021 16.00
Sted:
Scandic Seilet
Arrangør:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune
Målgruppe:
Kommunar, fylkeskommunar, statlege sektormyndigheiter, nærings- og interesseorganisasjonar