Samhandling - Som ringar i vatn 13.-15. mai 2019

Dato:
13. mai 2019 10.00 - 15. mai 2019 13.15
Sted:
Hotel Union, Geiranger
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Målguppe er fagfelta rus og psykisk helse; tilsette og leiarar både i spesialisthelsetenesta, kommunane og NAV, samt brukar- og pårørandeorganisasjonar. Andre faggrupper og einingar i kommunane som arbeider tverrfagleg med tema er også velkomne.

Valden sine mange ansikt - ei aukande utfordring?

  • Fenomen
  • Verktøy
  • Eigenomsorg
Publisert 28.01.2019

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer til Samhandling - Som ringar i vatn

Tid: 13.-15. mai 2019

Stad: Hotel Union, Geiranger

Vi les stadig om valdssaker der både barn, vaksne og eldre har blitt alvorleg krenka, skada og endå til mista livet. At menneske blir utsett for vald og overgrep gjeld oss alle. Vald og overgrep får først og fremst følgjer for dei som blir ramma, men det er også eit samfunns- og folkehelseproblem som kan føre til  store fysiske og psykiske vanskar. Vald har også økonomiske kostnader. I tillegg til dei menneskelege lidingane, kostar vald i nære relasjonar det norske samfunnet i nær 6 mrd. kroner kvart år.

Nasjonalt har vi ein opptrappingsplan knytt til arbeid mot vald i nære relasjonar. Den skal mellom anna bidra til at helse- og omsorgstenesta styrkjer sin kompetanse og er handlingsdyktig når dei møter slike utfordringar. Fylkesmannen, i samarbeid med KoRus (Kompetasesenter for rusfeltet) og NAPHA (Nasjonal kompetanseteneste for psykisk helsearbeid i kommunane)  inviterer derfor til nettverkskonferanse med dette som tema.

Målguppe er fagfelta rus og psykisk helse; tilsette og leiarar både i spesialisthelsetenesta, kommunane og NAV, samt brukar- og pårørandeorganisasjonar. Andre faggrupper og einingar i kommunane som arbeider tverrfagleg med tema er også velkomne. 

Deltaking: Vi har erfart auka interesse for deltaking på denne konferansen frå år til år noka som har utfordra hotellkapasiteten- rom til disposisjon. Møtelokalet har likevel plass til fleire deltakarar enn det er rom til på hotellet.

Økonomi: Kursavgift kr 2000,-  Det er same pris for alle, uansett grad av deltaking.

Påmelding: Påmeldingsfristen gjekk ut 12. april.  Konferansen er no fullbooka, og det er ikkje mogleg å melde seg på.

Påmeldinga er bindande! Dei som melder seg av etter fristen, vil bli fakturert for faktiske utgifter.

Stadfesting: Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar. Sjekk om du har fylt ut alle felt.