Tilsyn med kommunane er utsett

Fylkesmannen i Møre og Romsdal sine planlagde tilsyn med kommunane er utsett og vil bli flytta i tid. Ein del tilsyn vil også bli avlyst.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.05.2020

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har på grunn av koronasituasjonen avlyst alle planlagde tilsyn med kommunane fram til 1. juni.

I denne perioden har det likevel blitt gjennomført ein del kontroll- og tilsynsaktivitet retta mot kommunane, blant anna oppfølging og avslutting av tilsyn som starta før pandemien braut ut.

Planlagde tilsyn som krev oppmøte i verksemda er framleis ei utfordring, og  fylkesmannen vil framover i større grad ta i bruk andre metodar for å gjennomføre tilsynsaktiviteten på. Det kan bety at tilsyn og undersøkingar kan bli gjennomført ved dokumentgjennomgang, eigenvurdering og bruk av digitale verktøy framfor fysisk oppmøte i den enkelte kommune.

Vi vil ta kontakt med den enkelte kommune om kva som er mogleg, og når tilsyn  kan gjennomførast  ut frå kommunen sin kapasitet.

Tilsynskalenderen viser oversikt over våre planlagde tilsyn med kommunane, og tilsynsaktiviteten utover hausten vil bli nærare vurdert. Tilsynskalenderen blir kontinuerleg oppdatert. https://tilsynskalender.fylkesmannen.no/

Fylkesmannen gjennomfører framleis hendelsesbaserte tilsyn som følgje av at vi får informasjon om risikoforhold innan enkelte av våre fagområde. Terskelen for å opprette nye hendelsesbaserte tilsyn kan likevel være noko endra/heva som følgje av pandemisituasjonen, men dette vil variere frå fagområde til fagområde.