Ekstra skjønnsmidlar - Covid-19, andre halvår 2021

Statsforvaltaren har fordelt 36 millionar kroner til kommunane i skjønnsmidlar til smittevern og oppfølging av TISK-strategien.

Publisert 03.12.2021

Skjønnsmidlane skal ivareta kommunevise variasjonar i utgifter knytt til smittevern og oppfølging av TISK-strategien. I tildelinga har vi tatt omsyn til talet på smitta og talet på testa i kommunane, med hovudvekt på talet på  smitta. I tillegg har vi sett denne tildelinga opp mot rapporteringa av meirutgifter til TISK og smittevern som kommunane har rapportert for andre halvår.

Midlane er fordelt etter vedlagte tabell og blir utbetalt i termin 11.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.