Høyring av verneplan for skog

Høringsfrist:
6. juli 2022 23.59
Frå Hanekamhaug, Setnesaksla.
Frå Hanekamhaug, Setnesaksla. Foto: Øivind Leren.

Statsforvaltaren høyrer med dette vern av tre nye naturreservat i samsvar med reglane i naturmangfaldlova § 43. Områda har mykje rik edellauvskog og gamal lauvskog, og er med på å oppfylle manglane i norske verneområde.

Publisert 11.05.2022

Det er skogeigarforeininga Allskog som har formidla tilboda etter ordninga med friviljug vern av skog. Framlegget gjeld:

  • Skorgedalen naturreservat, Rauma kommune (435 daa)
  • Hanekamhaug naturreservat, Rauma kommune (904 daa)
  • Grisetstranda naturreservat, Rauma kommune (411 daa)

Vern tar vare på skogtypar

Vern er eit viktig tiltak for å ta vare på eit representativt utval av ulike skogtypar for framtida. Nær halvparten av alle truga artar lever i skogen, så vernet sikrar leveområde for artar og naturtypar i norsk skog. Stortinget har difor vedteke eit mål om å verne 10 prosent av skogarealet i landet.

Edellauvskog

Statsforvaltaren meiner at vern av områda har liten negativ verknad for skognæringa. Områda er dominert av lauvskog, og her er særleg ulike typar edellauvskog ein vil ta vare på. Avverkinga i skogbruket i Møre og Romsdal gjeld i stor grad planta gran og noko furu på gode bonitetar. Vern av skog vil i liten grad omfatte slike område.

Restriksjonar på bruk

Vern som naturreservat medfører restriksjonar på bruken av området. Alle tiltak som kan føre til endringar av naturmiljøet er forbode, som oppføring av nye bygg, vegar, kraftutbygging, vedhogst, skogsdrift, skogskjøtsel, nydyrking, motorisert ferdsel m.v. Nokre tiltak vil kunne få løyve etter søknad. Det er laga utkast til verneforskrift for kvart av områda som vil regulere inngrep og aktivitetar.

Vanleg friluftsliv kan halde fram som før. Vernet hindrar ikkje normal ferdsel, jakt, fiske eller plukking av bær og sopp.

Høyringsfrist 6. juli

Eventuelle innspel og synspunkt på verneplanarbeidet kan rettast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, evt. på e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no innan 06.07.2022.