Høyring besøksstrategi Runde

Høringsfrist:
20. juni 2022 23.59
Vestsida av Runde. Foto: Øivind Leren.
Vestsida av Runde. Foto: Øivind Leren.

Statsforvaltaren høyrer med dette framlegg til besøksstrategi for verneområda på og ved Runde i Herøy.

Publisert 04.05.2022

Ein besøksstrategi er ein enkel plan for tilrettelegging for besøk i verneområda innan dei rammene det sårbare dyrelivet og landskapet set. Planen for Runde fokuserer på:

  • Kven besøker Runde, og kor mange?
  • Kva omsyn må takast til fuglelivet?
  • Kva tiltak kan gjennomførast for å få ei god besøksforvalting?

Det vert halde eit informasjonsmøte om besøksstrategien og andre tiltak på:

 Runde Miljøsenter, tysdag 10. mai kl. 17:30.

Merknader til besøksstrategien kan sendast Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde, eller på e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no innan 20.06.2022.

Høringsfrist:
20. juni 2022 23.59