Høyring vern av skogområde

Høringsfrist:
23. juni 2021 23.59
Syltefjellet. Foto: Vegard Lødøen.
Syltefjellet. Foto: Vegard Lødøen.

Statsforvaltaren høyrer med dette vern av nye naturreservat i samsvar med reglane i naturmangfaldlova § 43. 

Publisert 22.04.2021

Høyringa gjeld dei følgjande områda:

  • Utviding av Barlindneset naturreservat, Ørsta (ca. 1.300 daa)
  • Syltefjellet, Fjord (416 daa)
  • Knausnakken, Vestnes (550 daa)
  • Lerheim, Rauma (439 daa)
  • Aspa, Tingvoll (123 daa)
  • Utviding av Gråura naturreservat i Sunndal (320 daa). Denne utvidinga omfattar også areal i Oppdal.

Områda ligg på privat grunn og er med i ordninga med friviljug vern av skog. Formålet med vernet er å ta vare på biologisk verdfulle skogsmiljø.

Med vern som naturreservat omfattast områda av den strengaste verneforma vi har etter naturmangfaldlova. Dette er område som inneheld sjeldan og trua natur og der bestemte naturtypar i skog er representert. Naturen blir sikra mot inngrep samstundes som vanleg friluftsliv, jakt og fiske kan halde fram som tidlegare.

Merknader til verneframlegget må sendast Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde, eller på e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no innan 23.06.2021.