Seksualisert vold i krig og konflikt

Seksualisert vald blir brukt som våpen i krigen i Ukraina. Korleis kan vi hjelpe dei som har opplevd dette, og som har komme til Norge?

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.06.2022

Det er viktig at både profesjonelle- og frivillige hjelparar fangar opp dei som har opplevd valdtekt i krigen, og bidrar til at dei får den hjelpa dei har behov for.

Dei regionale ressurssentra om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging, RVTS, har laga ei ressursside med informasjon om seksualisert vald i krig og konflikt. Her gir dei rettleing på korleis vi kan hjelpe dei som har overlevd seksualisert vald, og komme til Norge.

Nettsida fokuserer på arbeid med flyktningar frå Ukraina. Men materialet kan også bli brukt i møte med personar frå andre land.

 Gå til nettressursen