Kunngjering om tilskotsordning for  ALIS-avtalar

Helse- og omsorgsdepartementet har vedtatt at tilskotsordninga for ALIS -avtalar skal delast inn i to ordningar.

Publisert 04.03.2021

Endring i tilskotssordninga til ALIS -avtalar.

23.02.2021 kunngjorde Helsedirektoratet at tilkotssordninga for ALIS-avtalar skal delast inn i to ordningar. Ei tilskotsordning skal være for LIS 3 i allmennmedisin i næringsverksemd, medan den andre skal være for LIS 3 i allmennmedisin som er tilsett i kommunen.

Fastlegevikarar utover 1 års varigheit vil også kvalifisere for tilskot, så framt dei har ALIS-avtale. Målet er å auke talet på fastlegar i kommunen, redusere talet på ledige fastlegeavtalar og auke stabilitet blant allmennlegar i spesialisering.