Kommunane prioriterer barn og unge

Barn og unge har ei tydeleg prioritering i dei fleste kommunane i Møre og Romsdal.
Barn og unge har ei tydeleg prioritering i dei fleste kommunane i Møre og Romsdal. Foto: Pixabay.com.

Kommuneundersøkinga om levekåra i Møre og Romsdal viser at kommunane prioriterer folkehelsa til barn og unge. Kommunane er klar over at dei bør jobbe meir med bustadsosial planlegging.

Publisert 31.05.2021

Møre og Romsdal Idrettskrets, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gjennomførte i vinter ei spørjeundersøking blant kommunane i fylket. Undersøkinga er en del av et felles arbeid i folkehelseforum, der dei tre organisasjonane er med. Resultatet av undersøkinga er no klart i rapporten «Levekårsundersøkinga for Møre og Romsdal 2021». 14 av 26 kommunar svarte på undersøkinga, blant dei to av byane.

Langsiktig og systematisk arbeid

Undersøkinga gir oversikt over utvalde levekårområde i kommunane: Folkehelse og planarbeid, medverknad, bustad og nærområde, helsestasjon og skolehelseteneste, systematisk jobbing for å redusere sosiale skilnader og innsats retta mot frivilligheit og kultur.

– Vi ser at kommunane i stor grad er merksame på behovet for å arbeide langsiktig og systematisk med folkehelse, og at barn og unge har ei tydeleg prioritering i dei fleste kommunane, fortel Sigri Spjelkavik, rådgivar for folkehelse i  Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Sosiale skilnader og bustad

Bustadsosial planlegging ser ut til å vere er eit område med eit forbetringspotensiale, noko kommunane sjølv har tatt inn over seg.

– Nesten alle kommunane ville ha ein gjennomgang av sitt kommunale bustadtilbod i næraste framtid. Dei fleste svarar positivt på at dei har eit tydeleg perspektiv i sin planar for å utjamne sosiale skilnader i samfunnet. NAV er ikkje i stor grad ein samarbeidspart i den kommunale innsatsen på dette området, sjølv om dei har eit uttalt ansvar for å betre levekåra og legge til rette for aktivitet og inkludering, seier Anne Mette Nerbøberg, fagleiar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og initiativtakar til undersøkinga.

Har fritidstilbod

Ellen Hammer, koordinator for folkehelse og fysisk aktivitet i Møre og Romsdal Idrettskrets fortel at nesten alle kommunane som har svara på undersøkinga seier dei har ei ordning for å gi eit tilbod på fritida til barn og unge som av sosiale og økonomiske årsaker ikkje deltar i fritidsaktivitetar.

– Dei fleste har og anlegg som er lagt til rette for eigenorganisert aktivitet og alle som har svara seier dei har søkt om midlar til å byggje nærmiljøanlegg i tilknyting til skulane i sin kommune.

Variasjon på helsefaglege ressursar

– Det er større variasjon mellom kommunane i kva grad helsestasjonane har tilgang på andre fagressursar enn helsesjukepleiar. Men alle vurderer likevel at dei jobbar i tråd med nasjonale rettleiarar knytt til helsestasjon og skolehelseteneste,

Medverknad i tidleg fase

Når det gjeld medverknad, kjem det fram at barn og unge sin representant, saman med frivillige organisasjonar, blir inkludert  i høyringsprosessar.

­– Samstundes ser vi at dei unge i mindre grad er med i ein tidleg fase av medverknadsprosessane der sjansane for  å verke inn på prosessane er langt større, seier Spjelkavik.

Eit supplement i arbeidet

Staten, regionane og kommunane skal arbeide for å skape ei berekraftig samfunnsutvikling, sikre sosial rettferd og god folkehelse.

– Det krevst brei kunnskap om lokale forhold når ein skal planlegge målretta. Vi håper denne undersøkinga kan vere eit godt supplement til den informasjonen kommunane allereie har. Ved å jobbe helsefremmande, førebyggande og tverrfagleg innanfor alle samfunnssektorar kan vi legge til rette for gode og berekraftige liv i Møre og Romsdal, seier Anne Mette Nerbøberg.