Husk influensavaksine i haust!

Helsedirektoratet rår til at alle personar i risikogrupper, og alt helsepersonell med pasientkontakt skal vaksinera seg mot influensa.

Publisert 27.10.2022, Sist endret 08.11.2022

– Influensavaksina er ekstra viktig i år, sidan vi går mot ein epidemi denne vinteren. Vi venter at det kjem eit virus som vi har lite beskyttelse mot. Det gjeld særleg små barn. Befolkninga sin beskyttelse mot influensa er låg og influensavaksine er det viktigaste tiltaket for å unngå alvorleg sjukdom, seier fylkeslege Karin Müller Mikaelsen.

Ho vil minne på dei gode vanane som vi har lært under pandemien: å halde hendene reine og å halde deg heime når du er sjuk.

Influensa forårsakar årleg alvorleg sjukdom og dødsfall i sårbare grupper.

Risikogruppene er:

  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsuke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
  • Premature barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månadar (kronologisk alder) til 5 år
  • Barn og vaksne med visse kroniske sjukdommar Sjå FHI sin nettside for informasjon.

Beskytte seg sjølv og pasientane

– For helsepersonell er det viktig å beskytte både seg sjølv og pasientane sine. Difor tilråder vi alt helsepersonell med pasientkontakt å vaksinera seg, seier fylkeslege Karin Müller Mikaelsen.

Ho seier at høg vaksinasjonsdekning mot influensa blant tilsette i helsesektoren også er viktig for å oppretthalde tilfredsstillande beredskap under større utbrott av smittsame sjukdommar.

Det er dei eldste og dei yngste pasientane, samt pasientar som har ei underliggande sjukdom med auka risiko, som er særleg sårbare for komplikasjonar til influensasjukdom. Difor bør også barn og vaksne i risikogrupper ta influensavaksinen.  

– Arbeidsgivar skal betala for influensavaksinen for helsepersonell. Den er difor gratis for den einskilde helsetilsette, seier fylkeslegen.

Bør gjerast før jul

Ho understrekar viktigheita av at vaksinasjonen er gjennomført før jul – slik at effekten er tilstrekkeleg før hovudsesongen for influensa bryt inn.

– Influensavaksina til helsepersonell er tilpasset utviklingen til viruset, men er ellers den same som har vore gitt gjennom mange år, og er trygg. Den er retta mot fire ulike influensavirus, seier fylkeslegen.

Dei siste åra har vaksinasjonsdekninga mot influensa auka blant helsepersonell, særleg har den auka blant helsepersonell i spesialisthelsetenesta.

Influensa og Covid-19

– Influensavaksinen beskyttar ikkje mot Covid-19, men den er viktig å ta. Vi ønsker færrast mogleg sjuke, seier fylkeslege Karin Müller Mikaelsen.