Undervegsrapport frå Leve heile livet

Leve heile livet skal støtte kommunane i arbeidet med å oppretthalde berekraftige lokalsamfunn og gode helse- og omsorgstenester. Nå har OsloMet, i samarbeid med Vista Analyse, på oppdrag fra Helsedirektoratet undersøkt korleis kommunane arbeider med kvalitetsreformen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.03.2022, Sist endret 09.03.2022

Arbeidet med reforma har pågått sidan 2019, og i undervegsrapporten har Oslomet undersøkt korleis kommunane forstår, vurderer og arbeider med reforma. Datainnsamlinga i undervegsrapporten er gjort gjennom ein spørreundersøking, ved casestudiar og gjennomgang av saksdokument i eit utval kommunar.

Rapporten syner at 98 prosent av kommunane i spørreundersøkinga svarer at dei planlegg å gjennomføre Leve heile livet. Dei aller fleste kommunane er òg samde i reformas mål og verkemiddel og meiner dei verkemidlane samsvarer godt med deira behov.

Det finns fleire oppfatningar av korleis arbeidet med Leve heile livet skal organiserast. Rapporten viser at arbeidet i større grad er anlagt som ein sektorreform enn ein samfunnsreform, sjølv om begge perspektiva er representerte hos fleire. Samtidig rapporterer mange kommunar at dei forventar større endringar i samarbeid internt i kommunen eller med eksterne aktørar, som næringsliv og frivilligheit.

Resultata i rapporten kan tyde på at det er stor variasjon i kor godt det har lukkast å forankre samfunns- og berekraftsperspektivet hos administrativ- og politisk leiing i kommunane. Leve heile livet er eit arbeid og ein modningsprosess som tar tid. Ein har tidlegare snakka om fasar i arbeidet, men i praksis vil prosessen vere sirkulær, der ein kontinuerleg arbeider med forankring, planlegging, iverksetting og evaluering/justering.