Høyring på framlegg til ny opplæringslov

Kunnskapsdepartementet jobbar no med ei ny opplæringslov som skal erstatte gjeldande lov. Den nye opplæringslova vil tidlegast vere klar i 2023.

Publisert 06.10.2021

Opplæringslova vi har i dag, blei vedtatt i 1998, og det er no behov for å gjere fleire endringar. Opplæringslovutvalet kom med si utgreiing, NOU 2019:23, i 2019.

 

I den nye opplæringslova foreslår utvalet å legge vekt på desse endringane:

  • Lova skal ta i vare behova til elevane i opplæringa. Eleven sitt beste skal leggast vekt på, og elevane skal bli høyrde og få vere med på å påverke i saker som angår dei sjølve. Elevane må derfor få tilstrekkeleg og nødvendig informasjon som dei kan forstå.
  • Lova skal vere brukarvennleg. Lova skal skrivast i eit språk som er tilgjengeleg for alle målgrupper. Lova skal også fungere som eit godt verktøy for dei som skal bruke lova.
  • Lova skal plassere ansvaret på riktig stad. Kommunen og fylkeskommunen har ansvaret for at reglane i opplæringslova vert følgt opp, og dei må derfor sørge for at dei som skal utføre oppgåvene, har god kompetanse.

 

Forslag til ny opplæringslov og endringar i friskolelova er på høyring. Høyringsfristen er 20. desember 2021. Statsforvaltaren oppmodar kommunar, skular, føresette, elevar og alle andre som har synspunkt, om å delta i høyringa. Informasjon om høyringsbrevet og korleis ein svarer på høyringa finn du her:

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/horing-opplaringslov/id2868810/