Lisensfelling av jerv sesongen 2014/2015

Lisensjakta på jerv startar førstkomande onsdag. Rovviltnemnda region 6 har vedteke ei kvote på fem jervar i den delen av Møre og Romsdal der det ikkje er mål om å ha ynglande jerv. Lisensjaktperioden varer frå 10.09.2014 til 15.02.2015.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.09.2014

Det er ikkje opna opp for lisensfelling i Snøhettaområdet og Reinheimen der det er ei vedtatt målsetjing om å ha ynglande jerv. (Sjå kart i høgremargen for å finne kor i fylket det er mål om å ha ynglande jerv).

For Møre og Romsdal er kvoten fordelt på følgjande måte:
Område med mål om yngling    ingen kvote
Område utan mål om yngling    5 jervar

Dei som ønskjer å jakte på jerv må ha lisens. For å få lisens må ein gå inn på www.jegerregisteret.no. For å bli registrert som lisensjeger må jegeravgifta for vedkomande jaktår vere betalt.

Alle som deltek på jervejakt pliktar å oppdatere seg jamnleg om attverande kvote på telefon 71 24 50 40.

Den som feller jerv eller løyser skot mot jerv, utan at jerven blir avliva, skal straks melde frå til oss på telefon 482 76 798 (eller eventuelt 480 22 090).

Felt jerv skal framvisast for Statens naturoppsyn (SNO) for kontroll, merking og prøvetaking av biologisk materiale. Fellingsstaden skal kunne påvisast av jegeren etter oppmoding frå SNO, politiet eller Fylkesmannen.

Om det skulle bli aktuelt med ettersøk av mogleg skadd jerv, er det Fylkesmannen som har ansvaret for å organisere ettersøket. Dei som har teke del i fellingsforsøket må utan godtgjersle hjelpe til med ettersøket slik vi bestemmer.

Lisensfelling av jerv krev løyve frå grunneigar. Nærare reglar for lisensfelling av jerv står i Forskrift om utøving av jakt, felling og fangst og i Forskrift om forvaltning av rovvilt.

Vi kan gi løyve til bruk av båsfelle for fangst av jerv. Fella, plassering og tilsyn må godkjennast av oss før ho kan nyttast til fangst av jerv. Standardteikning på godkjend jervebås ligg i Rundskriv februar 2013 frå Miljødirektoratet, Viltloven - utøvelse av jakt, felling og fangst.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.