Lisensfelling av ulv er starta opp att

Miljøverndepartementet (MD) har den 16.10.2012 fatta vedtak i klagesak om lisensfelling av ulv i region 6. Etter denne avgjerda kan lisensfelling av ulv starte opp att innafor vårt fylke.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.10.2012

Lisensfelling er ei skademotivert felling av eit bestemt tal individ av ein viltart, med heimel i naturmangfaldlova § 18. Lisensfellinga blir iverksett for å hindre framtidige skadar på husdyr.

Dei som ønskjer å ta del i lisensfellinga på ulv i Møre og Romsdal må vere spesielt merksame på følgjande:

  1. Den som vil felle ulv må ha lisens. For å få lisens må ein gå inn på www.jegerregisteret.no. For å bli registrert som lisensjeger må jegeravgifta for vedkomande jaktår vere betalt
  2. I vårt fylke er det opna opp for lisensfelling av ulv i kommunane Rauma, Norddal, Nesset og Sunndal
  3. Alle som deltek i lisensfelling pliktar å halde seg oppdatert om gjenverande kvote på telefonsvararen med nummer 71 24 50 31 (Kjem i drift med det første)
  4. Fellingsperioden er frå og med 1. oktober til og med 31. mars
  5. Lisensfelling av ulv krev løyve frå grunneigar
  6. Under lisensfelling på ulv skal jaktlag og/eller personar som jaktar åleine ha tilgang til godkjent ettersøkshund, jf. forskrift 22. mars 2002 nr. 313 om utøving av jakt, felling og fangst § 23. Det er ingen andre krav til lisensjegeren, utover dei krava som følgjer av Forskrift 22. mars 2002 nr. 313 om utøving av jakt, felling og fangst. Her står òg krav om mellom anna våpen og ammunisjon
  7. Felling eller forsøk på felling skal straks meldast til oss på telefon 480 22 090 (eller eventuelt 986 56 018) og Statens naturoppsyn. Jegeren skal framvise felt dyr for Statens naturoppsyn (SNO) for kontroll, merking og prøvetaking av biologisk materiale, og han skal kunne påvise fellingsstad etter oppmoding frå SNO, politiet eller fylkesmannen
  8. Om det skulle bli aktuelt med ettersøk av mogleg skadd ulv, er det vi som har ansvaret for å organisere ettersøket. Dei som har teke del i fellingsforsøket må utan godtgjering hjelpe til med ettersøket slik vi bestemmer
  9. Når ulv blir felt på bakgrunn av denne ordninga, får jegeren/jaktlaget skinnet av den felte ulven. Viltfondet opprettheld eigendomsretten til skrotten og kraniet av ulven i samsvar med instruks for ivaretaking av døde rovdyr som finnast på: http://www.rovdata.no/portals/rovdata/dokumenter/instrukser/Ivaretakelse_dode rovdyr.pdf
  10. Vi gjer vidare merksame på at omsetting eller vidaresal av delar av felt ulv utanfor landet sine grenser er omfatta av CITES-reglane

Link til oppslag om lisensfelling av ulv under Rovviltnemnda på heimesida til Fylkesmannen i Nord-Trøndelag: http://fylkesmannen.no/hoved.aspx?m=68151&amid=3608055

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.