Saksbehandlerkurs - Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester 25. og 30. april 2019

Dato:
25. april 2019 09.00 - 30. april 2019 15.30
Sted:
Thon hotell Kristiansund 25. april og Quality hotel Waterfront i Ålesund 30. april
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Nytilsette og andre sakshandsamarar med behov for opplæring i grunnleggande reglar om sakshandsaming. Dei som har delteke på tilsvarande kurs i 2016 vert ikkje prioritert.

Invitasjon til grunnkurs i sakshandsaming for helse- og omsorgstenesta.

Publisert 21.01.2019

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer til grunnleggande sakshandsamingskurs for helse- og omsorgstenesta.

Det er viktig å presisere at det er eit grunnkurs. Fylkesmannen anbefaler å ta e- læringskurs i sakshandsaming og IPLOS introduksjonskurs før kurset.

Det blir halde to like kurs og kommunane kan melde seg på der det høver.

Tid og stad:

  • 25. april 2019 - Thon hotel Kristiansund, Kristiansund
  • 30. april 2019 - Quality hotel Waterfront, Ålesund

Program og invitasjon kjem etterkvart.  Du finn det då i høgremargen på denne sida.

Kostnad: Det vert ikkje kursavgift, men deltakarane må betale dagpakke direkte til hotellet.  I Kristiansund er beløpet kr 455,- og i Ålesund kr 605,-  Evt tilsending av faktura må deltakar sjølv avtale direkte med hotellet i god tid før kursdagen.

Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan 12. mars 2019. Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida. Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05.

Stadfesting: Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar. Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Dato:
25. april 2019 09.00 - 30. april 2019 15.30
Sted:
Thon hotell Kristiansund 25. april og Quality hotel Waterfront i Ålesund 30. april
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Nytilsette og andre sakshandsamarar med behov for opplæring i grunnleggande reglar om sakshandsaming. Dei som har delteke på tilsvarande kurs i 2016 vert ikkje prioritert.