Kompetanseløftet 2020

Dato:
30. januar 2018 10.00 - 15.00
Sted:
Scandic Seilet, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Kommunane i Møre og Romsdal

Møte om Kompetanseløftet 2020

Publisert 06.12.2017

Fylkesmannen i Møre og Romsdal arrangerer møte om Kompetanseløftet 2020.

Tid: 30. januar 2018

Stad: Scandic Seilet, Molde

Målgruppe: Kommunane i Møre og Romsdal

Vi viser til St.meld. nr. 29 - Morgondagens omsorg og Omsorg 2020 som presiserer kor viktig det er med ei falgeg sterk helse- og omsorgsteneste med riktig kompetanse.  For å sikre dette vil regjeringa ha ein plan for kompetanseheving gjennom Kompetanseløftet 2020.

Det blei etablert eit nasjonalt kompetanse- og innovasjonstilskot for kommunane frå 2015.  Tilskotet skal stimulere kommunane til kompetanseheving og tenesteinnovasjon for å møte framtidas helse- og omsorgsutfordringar med nye og bærekraftige løysingar.

Møtet om Kompetanseløftet 2020 samla 54 personar.  Foredragsholdarane sine innlegg finn du på høgre side.