Regionsamling verjemål

Dato:
12. september 2018 10.00 - 13. september 2018 14.00
Sted:
Hotel Brosundet og Devoldfabrikken
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Ansatte frå Fylkesmannen i Hedmark, Oppland, Trøndelag, Nordland og Møre og Romsdal som arbeider med verjemål

Regionsamling verjemål

Publisert 23.02.2018

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer til regionsamling for verjemål

Tid: 12.-13. september

Stad: Hotel Brosundet i Ålesund samt Devoldfabrikken sine møtelokale.

Målgruppe: Ansatte hos Fylkesmannen i Hedmark, Oppland, Trøndelag, Nordland og Møre og Romsdal som arbeider med verjemål.

Dette er ei samling som i utgangspunktet går frå lunsj 12. september - til og med lunsj 13. september.  Det vil på eit seinare tidspunkt bli opplyst om tid og stad for oppmøte og registrering.

Program vil bli lagt ut etter kvart, følg med!

Økonomi:  Kvart embete skal betale for sine eigne, kr 2840,-, som inkluderer overnatting inkl frukost på Hotel Brosundet 12.-13. september, middag om kvelden 12. september på restaurant MAKI samt kurspakke inkl lunsj 12. og 13. september på Devoldfabrikken. Ved behov for ekstra overnatting 11.-12. september, tilkommer det ein kostnad på kr 1210,-

Det vil også tilkomme ein kostnad på kr 5.000,- pr embete på båttransport til og frå Devoldfabrikken for begge dagar og uavhengig kor mange som deltek frå kvart embete. 

Tema:  Om nokon ønsker å ta opp spesifikke tema, kan dette meldast inn til Ann Lilly Orvik på epost fmmranov@fylkesmannen.no

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 28. juni 2018.  Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida.  Spørsmål knytt til påmeldinga di skal rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Dato:
12. september 2018 10.00 - 13. september 2018 14.00
Sted:
Hotel Brosundet og Devoldfabrikken
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Ansatte frå Fylkesmannen i Hedmark, Oppland, Trøndelag, Nordland og Møre og Romsdal som arbeider med verjemål