Kurs i digital innsending av verjerekneskap og orientering om framtidsfullmakt

Dato:
13. mars 2018 19.00 - 20. mars 2018 20.00
Sted:
Sjå invitasjonen
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Alle verjer

Ved årets innlevering av verjerekneskap oppmodar Fylkesmannen i Møre og Romsdal alle verjer om å sende inn verjerekneskapet for 2017 digitalt gjennom AltInn. Fylkesmannen inviterer difor til kurs om dette, samt orientering om ordninga med framtidsfullmakt.

Publisert 09.03.2018

Digital innsending av verjerekneskap

Ei slik innsending er ein raskare og billigare måte å levere rekneskapen på enn per post. Vedlagt følgjer det ei brukarrettleiing som viser steg for steg ei digital innsending. 

Dei som ynskjer ytterlegare rettleiing rundt digital innsending, kan møte opp på eit kort kurs om dette temaet. Fylkesmannen vil her vise korleis ei digital innsending kan gjerast på ein enkel måte. Ein vil også vise eksempel på innsending av søknadar til fylkesmannen digitalt.

Det er opna for at ein kan stille spørsmål i etterkant av kurset. 

Kurset vert gjennomført på følgjande stader:

  • 13.03.2018 kl. 19.00 – 20.00: Sjøborg ved Quality Hotel Ulstein, Ulsteinvik.
  • 14.03.2018 kl. 19.00 – 20.00: Scandic Parken Hotel, Ålesund.
  • 19.03.2018 kl. 19.00 – 20.00: Bjørnsonsalen, Scandic Seilet Hotel, Molde.
  • 20.03.2018 kl. 19.00 – 20.00: Thon Hotel Kristiansund, Kristiansund. 

Kurset er gratis og ope for alle verjer og krev inga påmelding. Møt opp på det kurset som høver best. 

Invitasjon til informasjonsmøte om framtidsfullmakt

Til orientering vil fylkesmannen også gjennomføre eit informasjonsmøte om ordninga med framtidsfullmakt same stader og datoar som vist i liste over, berre frå kl. 17.00 – 18.00.

Informasjonsmøtet er ope for alle privatpersonar som ynskjer å få meir kjennskap til alternativ til verjemål. Dette informasjonsmøtet krev heller inga påmelding, og det er berre å møte opp på dette om det er av interesse for deg sjølv, eller nokon du kjenner. Du kan lese meir om framtidsfullmaktsordninga på www.vergemal.no.

Til opplysning vil ein ikkje kunne søkje dekning av reiseutgifter ein har hatt ved å delta på kursa. Dette gjeld også verjegodtgjering.

Dato:
13. mars 2018 19.00 - 20. mars 2018 20.00
Sted:
Sjå invitasjonen
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Alle verjer