Grunnkurs i økonomisk rådgiving/gjeldsrådgiving 30.-31. august 2018

Dato:
30. august 2018 09.00 - 31. august 2018 15.30
Sted:
Quality hotel Waterfront, Ålesund
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Kurset rettar seg primært mot rettleiarar som har økonomi- og gjeldsrådgivingsoppgåver etter sosialtenestelova § 17. Det er i utgangspunktet ikkje krav om forkunnskapar fordi vi ønskjer at alle nye som skal jobbe med slike saker skal få høve til å delta. Det er likevel ein fordel om ein har følgd ei økonomi- eller gjeldsrådgivingssak før ein kjem på kurset. Ein vil også få større utbytte av kurset dersom ein går gjennom «Nivå 1: Forebygging/Betalingsvansker» i «Råd og veiledning av brukere med økonomiske problemer».

Invitasjon til grunnkurs i økonomisk rådgiving/gjeldsrådgiving

Publisert 07.02.2018

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer til grunnkurs i økonomisk rådgiving/gjeldsrådgiving.

Tid:  30.-31. august 2018 (flytta fra 4.-5. september!)

Stad:  Quality hotel Waterfront, Ålesund

Føremål:  Arbeids og velferdsdirektoratet har gitt Fylkesmannen i oppdrag å støtte kommunane i arbeidet med å styrke kompetansen til økonomi- og gjeldsrådgivarar. Økonomisk rådgiving-/gjeldsrådgiving, jf. sosialtenestelova § 17, er ein del av kjerneoppgåvene til NAV og spelar ei viktig rolle som eit av fleire tiltak ovanfor den einskilde for å kunne overvinne ein vanskeleg situasjon.

Målgruppe:  Kurset rettar seg primært mot rettleiarar som har økonomi- og gjeldsrådgivingsoppgåver etter sosialtenestelova § 17. Det er i utgangspunktet ikkje krav om forkunnskapar fordi vi ønskjer at alle nye som skal jobbe med slike saker skal få høve til å delta. Det er likevel ein fordel om ein har følgd ei økonomi- eller gjeldsrådgivingssak før ein kjem på kurset. Ein vil også få større utbytte av kurset dersom ein går gjennom «Nivå 1: Forebygging/Betalingsvansker» i «Råd og veiledning av brukere med økonomiske problemer».

Føredragshaldarar:  Rådgivar Inger-Helene Søgnen frå Fylkesmannen i Hordaland og seniorrådgivar Daniel Bergamelli frå Fylkesmannen i Trøndelag.

Program:

Torsdag 30.8.18 start kl. 10.00 med slutt kl. 17.30. Middag kl. 19. Fredag 31.8. start kl. 09.00 med slutt seinast kl. 15.30. Innhald i dagen vil bli lagt ut seinare.

Økonomi:  Kurset kostar kr 500 pr. deltakar. Faktura på kursavgifta blir sendt ut kort tid etter at bindande påmeldingsfris er utgått.

Reisekostnader dekkast av arbeidsgivar. Av miljøomsyn oppmodar vi dei som har høve til det om å reise kollektivt.

Deltakarar med reiseveg over 1,5 time kan få dekt overnatting frå torsdag 30.8. til fredag 31.8. I tilllegg kan deltakarar med reiseveg over 2 timar få dekt overnatting også frå onsdag 29.8. – torsdag 30.8.

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 28. juni 2018.  Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida.  Spørsmål om påmelding og endringar skal rettast til e-post: fmmrkurs@fylkesmannen.no, tlf. 71 25 84 99 eller 71 25 85 05. 

Påmeldinga krev organisasjonsnummer (9 siffer), fakturaadresse og fakturareferanse.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.

For nærare informasjon om innhaldet i kurset kan du ta kontakt med:  Seniorrådgivar Kjell Iversen. E-post fmmrkjiv@fylkesmannen.no tlf. 71 25 85 29. 

Dato:
30. august 2018 09.00 - 31. august 2018 15.30
Sted:
Quality hotel Waterfront, Ålesund
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Kurset rettar seg primært mot rettleiarar som har økonomi- og gjeldsrådgivingsoppgåver etter sosialtenestelova § 17. Det er i utgangspunktet ikkje krav om forkunnskapar fordi vi ønskjer at alle nye som skal jobbe med slike saker skal få høve til å delta. Det er likevel ein fordel om ein har følgd ei økonomi- eller gjeldsrådgivingssak før ein kjem på kurset. Ein vil også få større utbytte av kurset dersom ein går gjennom «Nivå 1: Forebygging/Betalingsvansker» i «Råd og veiledning av brukere med økonomiske problemer».