Fagdag om forureining for tilsette i kommunane 1. november 2017

Dato:
1. november 2017 10.00 - 16.00
Sted:
Quality hotel Grand, Kristiansund
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal, miljøvernavdelinga
Målgruppe:
Kommunar i Møre og Romsdal - saksbehandlarar, leiarar, politikarar med fleire.

Den 1. november 2017 arrangerer Fylkesmannen på ny fagdag i samband med Avfallsforum sin haustkonferanse på Quality Hotel Grand i Kristiansund. Vi håper at alle kommunane i Møre og Romsdal vert representert denne dagen.

Publisert 18.09.2017

Kommunane har mange oppgåver innan fagområdet forureining. For å hjelpe kommunane til ei god og effektiv handtering av forureiningssaker arrangerer Fylkesmannen fagdag under haustkonferansen for informasjon og erfaringsutveksling.

Haustkonferansen starar med felles opning kl. 10.00. Parallellsesjonen for kommunane er frå kl. 11.15 til 16.05. med tema forsøpling og forureina grunn. Det vil bli praktisk kursing i databasen grunnforureining, som er ein database der alle kommunar er pliktig å legge inn informasjon.

Fylkesmannen sin fagdag for kommunar blir arrangert i samband med Avfallsforum sin Haustkonferanse 2017, og har felles påmelding med bindande påmeldingsfrist den 6. oktober. Her kan ein altså få ytterlegare fagleg påfyll på same reisa. Det er mogleg å melde seg på berre Fylkesmannens arrangement 1. november, eller på delar eller heile arrangementet 1.-2. november.

For meir informasjon om bl.a. konferanseavgift, sjå på Avfallsforum sine nettside for fullstendig program og påmelding.

Dato:
1. november 2017 10.00 - 16.00
Sted:
Quality hotel Grand, Kristiansund
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal, miljøvernavdelinga
Målgruppe:
Kommunar i Møre og Romsdal - saksbehandlarar, leiarar, politikarar med fleire.