Ekstraoppdrag for sensorar i MAT0010 21. juni 2018

Dato:
21. juni 2018 09.00 - 16.00
Sted:
Quality hotel Alexandra, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Sensorar i matematikk frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane

Ekstraoppdrag for fellessensur i matematikk MAT0010

Publisert 07.06.2018

Tid: 21. juni 2018

Stad: Quality hotel Alexandra, Molde

Dersom du sensurerer kandidatgrupper som er ein del av den pågåande forskinga på matematikkeksamen (MAT0010), har du og medsensor mottatt ein epost frå Utdanningsdirektoratet.

Når det gjeld ekstraoppdraget frå Utdanningsdirektoratet, finn vi det ryddigst å legge den til dagen etter fellessensuren. Vi ber difor om at sensorpar som ynskjer å delta i ekstraoppdraget å sette av torsdag 21. juni.

Fylkesmannen har sett av ein del rom på Quality hotel Alexandra i Molde frå 20.-21. juni.

Det er greiast om kvart sensorpar avtaler om de tek på dykk oppdraget før de melder dy på anten dagpakke eller overnatting. Påmeldinga tener også som stadfesting på at du tek på deg oppdraget.

Økonomi: Deltakar skal sjølv betale for dette direkte til hotellet, og deretter sende rekning til Utdanningsdirektoratet. Deltakar får orientering om fakturaadresse dit.

  • Deltaking 21. juni i dagpakke inkludert lunsj, (ikkjebuande), kr 460,-
  • Deltaking 20.-21. juni inkludert overnatting, middag om kvelden, frukost og dagpakke 21. juni, kr 1355,-
  • Om du ikkje skal bu ved hotellet, kan du likevel delta på middagen 20. juni, kr 405,-

Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan søndag 10. juni kl 23.59.  Hugs å skrive i merknadsfeltet hva sensorpar du tilhøyrer.

Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida.  Spørsmål knytt til påmelidnga di kan rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05.

Andre spørsmål kan rettast til Christine Nesse på epost christine.nesse@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 07, eller til Tone Malme på epost tone.malme@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 66.

Stadfesting: Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på skjermen og på din epost når påmeldinga er gjort. Denne stadfestinga skal nyttast ved kontakt hit ang påmeldinga di. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje registrert som deltakar. Sjekk at du har fylt ut alle felt!

Dato:
21. juni 2018 09.00 - 16.00
Sted:
Quality hotel Alexandra, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Sensorar i matematikk frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane

Kontaktpersoner