Ekstraoppdrag for sensorar i MAT0010 15. juni 2017

Dato:
15. juni 2017 09.00 - 16.30
Sted:
Quality hotel Alexandra, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Sensorar i matematikk frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane

Ekstra oppdrag for fellessensur i matematikk MAT0010

Publisert 30.05.2017

Stad: Quality hotel Alexandra, Molde

Tid: 15. juni 2017

Dersom du sensurerer kandidatgrupper som er ein del av den pågåande forskinga på matematikkeksamen (MAT0010) har du og medsensor mottatt ein e-post frå Utdanningsdirektoratet eller Annhild Lorentzen om dette.

Når det gjeld ekstraoppdraget frå Utdanningsdirektoratet finn vi det ryddigast å legge denne til dagen etter fellessensuren. Vi ber difor om at sensorpar som ønskjer å delta i ekstraoppdraget sett av torsdag 15. juni. For detaljar sjå tidlegare utsendt e-post med oversikt over kandidatar/skular og vedlegget Beskrivelse av ekstraoppdrag.

Fylkesmannen har sett av ein del rom på Quality hotel Alexandra i Molde frå 14.-15. juni. Det er greiast om kvart sensorpar avtalar om de tek på dykk oppdraget før de melder dykk på anten dagpakke eller overnatting. Påmeldinga tener også som stadfesting på at du tek på deg oppdraget.

Økonomi:  Deltakar skal sjølv betale for dette direkte til hotellet, og deretter sende rekning til Utdanningsdirektoratet.  Deltakar får orientering om fakturaadresse dit.

* Dagpakke 15. juni (ikkjebuande), kr 450

* Overnatting 14.-15. juni inkl middag om kvelden, frukost og dagpakke 15. juni, kr 1328

* Om du ikkje skal bu ved hotellet, kan du likevel delta på middagen 14. juni, kr 395

Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan fristen, mandag 5.juni 2017 og husk å skriv i merknadfeltet kva sensorpar du tilhøyrer.
Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida. Spørsmål knytt til påmeldinga di kan rettast på e-post til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05 / 71 25 84 99.

Andre spørsmål kan rettast til Annhild Lorentzen på e-post annhild.lorentzen@fylkesmannen.no eller telefon 71 25 85 64 eller
Tone Malme på e-post tone.malme@fylkesmannen.no eller telefon 71 25 85 66.

Stadfesting: Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på skjermen og på din e-post når påmeldinga er gjort. Denne stadfestinga skal nyttast ved kontakt hit ang påmeldinga di. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje registrert som deltakar. Sjekk at du har fylt ut alle felt!

Dato:
15. juni 2017 09.00 - 16.30
Sted:
Quality hotel Alexandra, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Sensorar i matematikk frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane

Kontaktpersoner