Åpent informasjonsmøte om framtidsfullmakt

Dato:
13. mars 2018 17.00 - 20. mars 2018 18.00
Sted:
Sjå invitasjonen
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Alle privatpersonar som ynskjer å få meir kjennskap til alternativ til verjemål

Kven skal bestemme over din økonomi eller dine personlege interessar dersom du ikkje lenger vert i stand til det sjølv?

Publisert 09.03.2018

Bestemme sjølv

Før 2013 kunne du ikkje bestemme dette sjølv. Det kan du no.

Kva er ei framtidsfullmakt? 

På same måte som du skriv eit testamente for disposisjonar etter din død, kan du no opprette ei framtidsfullmakt. Ved å opprette ei framtidsfullmakt kan du fritt velgje kven som skal representere deg, og kva som skal skje når du ikkje er i stand til å ta eigne valg. Dette kan være aktuelt ved til dømes demens eller alvorlig svekka helse.

Med ei framtidsfullmakt kan du sikre at di vilje og dine ønskje blir gjennomført.

Kva skjer om du ikkje har framtidsfullmakt?

Dersom du ikkje har framtidsfullmakt er det Fylkesmannen som vil oppnemne ein verje for deg om du skulle få behov for det.

Kom på informasjonsmøta!

Møt opp på informasjonsmøta om ordninga og finn ut meir om framtidsfullmakt.

Møta vert arrangert på desse stadane:

  • Tirsdag 13.03.2018 kl. 17.00 – 18.00: Sjøborg ved Quality Hotel Ulstein, Ulsteinvik
  • Onsdag 14.03.2018 kl. 17.00 – 18.00: Scandic Parken Hotel, Ålesund
  • Måndag 19.03.2018 kl. 17.00 – 18.00: Bjørnsonsalen, Scandic Seilet Hotel, Molde 
  • Tirsdag 20.03.2018 kl. 17.00 – 18.00: Thon Hotel Kristiansund, Kristiansund

Informasjonsmøta er ope for alle privatpersonar som ynskjer å få meir kjennskap til alternativ til verjemål.Vel møtt!

Dato:
13. mars 2018 17.00 - 20. mars 2018 18.00
Sted:
Sjå invitasjonen
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Alle privatpersonar som ynskjer å få meir kjennskap til alternativ til verjemål