Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Verneområda våre

Verneområda våre

Verneområda våre er perlene i Hordalandsnaturen. Dei er verna for at spesielle verdiar ikkje skal gå tapt for framtida, både med tanke på at naturen har sin eigenverdi og med tanke på at dei som kjem etter oss skal kunne oppleve desse naturområda.

Utsikt over Rimbareidtjørna naturreservat. Foto: Magnus Johan SteinsvågUtsikt over Rimbareidtjørna naturreservat. Foto: Magnus Johan Steinsvåg

20 prosent av arealet er verna

Det første området i Hordaland som vart verna etter naturvernlova var Storsøy landskapsverområde på Stord (kalkfuruskog), som vart verna i 1977. I dag er Hordaland det fylket i landet som har flest naturvernområde, med 156 område verna etter naturvernlova. Til saman dekker desse områda 3122 km2, om lag 20 prosent av landarealet i fylket.

Frå freding av tre til vern av naturområde

Tanken om å verne natur er relativt ny i Noreg. I Hordaland starta det med freding av nokre store og spesielle tre i perioden mellom 1920 og 1940. I alt 46 slike tre vart sikra som naturminne. Først ut var "Brureeika" på Lote i Ullensvang, som vart freda i 1920. Vern av område for å ta vare på særeigen natur vart først mogleg i 1970 då naturvernlova kom.

Flest sjøfuglreservat, dei tre nasjonalparkane størst i areal

Talmessig er det sjøfuglreservata som dominerer, men dette er små område, ofte berre ein holme eller eit skjer. Størst areal har dei tre nasjonalparkane våre, Hardangervidda NP, Folgefonna NP og Hallingskarvet NP, saman med seks store landskapsvernområde.

Forvaltningsplan for alle verneområda

Alle verneområde (både nasjonalparkane, landskapsvernområda og naturreservata) skal få sin eigen forvaltingsplan, der det blir skissert forvaltingsmål for området, og der behovet for skjøtselstiltak blir vurdert og kostnadsrekna. Om skjøtselstiltak er nødvendig og eventuelt kva slags skjøtselstiltak som trengs, vil bli vurdert for kvart enkelt område, ei såkalla differensiert forvalting.

Nokre naturområde må vere i fred for menneske

Sjølv om verneområda er verna på vegne av oss alle, betyr ikkje dette at allmenta skal ha tilgang over alt. I nokre område er det best å la naturen få vere i fred, slik som i sjøfuglreservat, der det er ferdselsforbod i fuglane sin hekkeperiode. Men i dei fleste områda ønsker ein folk velkommen til naturopplevingar.