Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Marint vern - Ytre Hardangerfjord

Ytre Hardangerfjord

Sjøkrepsen lever på mudderbotn i dei djupe fjordane våre. Foto Espen Rekdal ©

Frå morenerygg til fjordbotnen

Ytre Hardangerfjord er heim for mange heilt spesielle og verneverdige artar. Mellom anna finn vi korallrev, svampenger og arktiske artar som lofotsjølilje og hornkorallar. Kandidatområdet er eit særeigent fjordsystem. Det strekk seg frå fjordterskelen som er ein artsrik og spesiell morenerygg ned til fjordbotnen. Det er spesielt gradienten frå morenen og ned til blautbotnen på større djup (>500 m) som gjer området høg verneverdi. I fjorden lever mellom andre sjøkreps, brisling og torsk.

Verneforslag

Det foreslåtte verneområde ligg innanfor kommunane Tysnes, Stord og Kvinnherad.

For meir informasjon om område, sjå lenke til faktaark, saksframstilling og grunngjeving i menyen til høgre.